Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Fjerning av livmortapp (konisering) ved Voss/HUS

Dersom vevsprøvar frå livmorhalsen din bekreftar mistanke om celleforandringar, tilrår vi ein mindre operasjon for fjerning av livmortappen. Disse celleforandringane sit oftast ydst på livmortappen. Når du har fjerna denne ytre delen av livmorhalsen reknar vi med at du er ferdigbehandla for celleforandringer. Du skal likevel ha jamlege kontrollar i etterkant.

Tilvising og vurdering

Fastlege eller anna helsetjeneste tilviser til utgreiing.

Før

Det er viktig at du fjernar alt metall som smykker, ringar, klokker, piercing før inngrepet, fordi operasjonen blir gjord med straumførande instrument (diatermi).

Inngrepet blir som regel gjort i lokalbedøving. Dersom inngrepet blir utført i narkose, må du faste før behandlinga. Du vil få beskjed før operasjonen. Generelle reglar for faste:

​Faste

Før operasjonen/undersøkelsen må du faste. Hvis du ikke møter fastende, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.

De siste 6 timene før operasjon/undersøkelse skal du ikke spise mat eller drikke melk/melkeprodukter. De siste 2 timene skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vann, saft, juice uten fruktkjøtt, brus, te og kaffe uten melk. Du kan svelge medisiner med et lite glass vann inntil 1 time før, og pusse tenner og skylle munnen når som helst.

  • Mat og melk/melkeprodukter: Stoppes 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Stoppes 2 timer før

Hvis du likevel har spist eller drukket utenom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke en bestemt mengde næringsdrikk. 

Hvis andre regler gjelder for deg, vil du få beskjed om dette  

Under

Konisering er en skånsom behandling. En kjegleformet bit ytterst på livmorhalsen blir fjernet med en liten elektrisk slynge. Ettersom det dattes et sår, vil det være en viss risiko for blødning.

Etter

Etter inngrepet blir det av og til lagd inn ein spesiell tampong i skjeden. Denne fjernar du sjølv samme kveld etter avtale med lege.

Somme får menstruasjonsliknande smerter etter konisering. Det går cirka 3 veker før såret på livmorhalsen har grodd, og i denne perioden må du rekne med utflod med blod. Før såret er grodd eller så lenge du blør, fråråder vi samleie, bruk av tampong og store fysiske utfordringar. Sjukmelding kan vere aktuelt i éin dag.

Som regel betyr dette inngrepet lite for seinare svangerskap. Biten som er skoren bort, blir send til undersøking. Både du og tilvisande lege får informasjon om prøvesvaret. 

Etter konisering skal du ta celleprøve, inklusiv virusprøve hos fastlegen din, etter 6 månedar og etter 12 månedar. Dersom celleprøvane er normale, skal du ta ny celleprøve kvart 3. år hos fastlegen din i minimum 10 år.

Hvis det er tvil om at celleforandringane er fullstendig fjerna, blir du kalla inn til kontroll seks månadar etter koniseringa.

Ver merksam

Hvis du skulle begynne å blø tek du kontakt med avdelingen som behandla deg. Blødningsfaren er størst dei fyrste dagene etter operasjonen. Du må også ta kontakt med avdelinga ved aukande smerter og/eller feber.

Kontakt

Voss sjukehus Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss
Ventetid: 8 - 20 uker

Ventetid: 8 - 20 uker

Kontakt Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss

Oppmøtestad

Kirurgisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset ved akuttmottak, der kan du gå rett inn frå gateplan. Går du inn hovedinngangen i 1. et, ligg poliklinkken i 3. et. Følg skilting og raud/svart stripe i golvet.

Medisinsk poliklinikk i ligg i 1. et, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.


Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.
 
Ein kan ikkje lenger betale med kort på poliklinikken. Etter konsultasjonen får du tilsendt link på telefonen med tilbod om å betale med Vipps eller faktura.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i 1.et/hovedinngang, i åpningstida.

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Transport

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Ventetid

8 uker til dagbehandling (20 totalt)

12 uker til utredning

Praktisk informasjon

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.