Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Dynamisk svelgundersøking - barn og unge

Dynamisk svelgundersøkelse er ei røntgenundersøking som har til hensikt å kartlegge svelgfunksjonen.

Det er viktig at du les denne informasjonen nøye slik at du veit kva som skal skje. Dersom du ønskjer det, kan du ha med deg ein pårørande inn til undersøkinga.

Foreldre/foresatte bør snakke med barn og unge om undersøkinga, slik at dei blir gjort kjent med informasjonen de får her. Informasjon og samtale bidrar til at både foreldre og barnet/ ungdommen kjenner seg trygge. 




Før

Det er viktig at du er svolten og tørst når du kjem til denne undersøkinga. Du bør difor ikkje spise eller drikke dei siste 3-4 timane før undersøkinga.

  • Ta med mat og drikke du likar, og som har ulike konsistensar, for eksempel: yoghurt, juice, saft, kjeks eller brød.
  • Ta også gjerne med eigne spise- og drikkeredskapar som tåteflaske, tutekopp, drikkeflaske eller skei som du er vant med å bruke.
  • Møt til oppsett tid, men vær forberedt på at den første halvtimen vil det bli litt ventetid medan vi tilbereder maten/ drikka som skal brukast.
  • Du kan ikkje ha på klær med knapper eller anna metall rundt skulder eller hals, då dette kan forstyrre bileta. Det kan vere lurt å ha med ekstra skift i tilfelle det blir litt søl.


Under

Når undersøkinga begynner, må du stå eller sitte i ein stol som liknar eit bilsete. Dersom du bruker rullestol, kan du som regel gjennomføre undersøkinga medan du sit i denne. Vi blander litt kontrastmiddel i den maten og den drikka du har tatt med. Kontrastmiddelet er kvitt eller gjennomsiktig, og gjer slik at maten viser på røntgenbilda. Det kan gjere at maten får litt annleis smak eller konsistens, men det skal ikkje smake dårlig. 

Vi brukar ikkje blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking.

Det er satt av 45 minutt til sjølve undersøkinga i tillegg til 30 minutt forberedelsestid. 
Etterpå kan du kle på deg og reise heim.


Etter

Undersøkinga krever inga spesiell oppfølging.  Resultatet av undersøkinga vert sendt til den legen som har henvist til undersøking. 

Dersom det er noko du lurer på i samband med undersøkinga, ta kontakt  på telefon 55 97 52 20 kvardagar mellom kl 08.00 og 14.30.

Kontakt

Glasblokkene Barne- og ungdomsklinikken

Kontakt Barne- og ungdomsklinikken

Oppmøtestad

Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8 i 1. etasje, er open alle kvardagar frå 07.00- 21.00, og frå 08.00-21.00 i helg/heilagdagar.

Skal ditt barn ta blodprøvar, skjer dette i Blokk 6 i 1. etasje 
(opningstid måndag-fredag kl. 08.00-15.30). 

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.