Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En lege og en pasient

Sykepleie og kontor ved Yrkesmedisinsk avdeling

Sjukepleiarane og kontortilsette ved Yrkesmedisinsk avdeling arbeider på tvers av fleire fagområder og yter service til øvrige seksjoner ved avdelinga. Arbeidet er svært variert og tverrfagleg.

Kontortenesta har ansvaret for betening av ekspedisjon, oppfølging av ventelister, timetildeling, eksterne henvendelser og anna merkantilt arbeid. 

Sjukepleiarane har ansvar for planlegging og gjennomføring av behandling med allergen immunterapi og har ansvar for å drifta og gjennomføre elektiv hyperbarmedisinsk oksygenbehandling i einmannstrykkammer. 

Sjukepleiarane deltek i pasientutgreiing og utfører til dømes hudprikktest, epicutantest og ulike provokasjonar (matvare, medikament, inhalasjon), lungefunksjonsundersøkingar, vibrasjon- og kuldeprovokasjonstestar.

Sjukepleiarane har eit aktivt fag- og forskningsmiljø og deltek i nasjonale- og regionale kompetansemiljø. Kompetansespredning internt og eksternt er viktige oppgåver, og vi deltek i undervisning ved høgskular og universitet. Vi tilbyr også undervisning til primærhelsetenesta, skular og barnehagar om matallergi og handtering av alvorlige allergiske reaksjonar.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi hører til 1. etasje i Årstadhuset på Haukelandsområdet.

Bygget der Kvinneklinikken var lokalisert tidlegare har endra namn til Årstadhuset.

Årstadhuset har trappefri adkomst og ligg sentralt plassert på sjukehusområdet på Haukeland, like ved Årstad kirke i Jonas Lies vei, og vis-a-vis Augebygget.  

Adresse

Jonas Lies vei 72
5021 Bergen

      Våre tilbod

      Prikktest - praktisk utføring