Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Kvalitetssikringsprosjekt for personer i LAR

Kvalitetssikringsprosjekt for personer i Legemiddelassistert rehabilitering som har LAR X status: Prosjekt X I 2014 sette Avdeling for rusmedisin, Seksjon forsking- og utvikling i gang eit kvalitetssikringsprosjekt for pasientar i Legemiddelassistert rehabilitering med LAR- X status.

​LAR X status inneber at det daglege oppfølgingsansvaret er overført til førstelinetenesta ved fastlege i Kommunen. Spesialisthelsetenesta har likevel det overordna medisinske ansvaret. Alle med LAR X status fekk tilbod om å delta i prosjektet gjennom tilsendt informasjon. (LAR X er ikkje lenger eit omgrep Avdeling for rusmedisin, seksjon LAR nyttar).


Formål

I følgje Kunnskapssenteret (2006) er det eit behov for meir forsking og kunnskap om korleis pasienteigenskaper og behandlingsstrukturar påverkar pasientar. Formålet med  kvalitetssikringsprosjektet er å undersøkje  korleis det går med denne pasientgruppa, og kva faktorar  i pasientens liv som framstår som særleg meiningsfulle for rusmestringa, rehabilitering og behandlinga generelt. Altså kva eigenskaper og strukturar som har påverka pasienten. Prosjektet vil difor vera eit viktig bidrag i kvalitetssikringa av arbeidet til Helse Bergen, Avdeling for rusmedisin, og vil og kunna vera eit viktig tilskot til å svara Kunnskapssenteret (2006) si utfordring om behovet for å innhente meir kunnskap i rusfeltet. 

Framgangsmåten. Kvalitetsregister for rusbehandling. 
KORFOR er navnet på det regionale kompetansesenteret for rusmiddelforskning i Helse Vest ​og har på oppdrag fra Helse Vest, utvikla det første kvalitetsregisteret i Norge innan rusbehandling. Kvalitetsregisteret skal bidra til å betre behandlingsinnsatsar ved å kunne sei noko om korleis ulike dimensjonar i eit behandlings- og misbrukar forløp står i forhold til brukarens eigen aktivitet og korleis dette påverkar mestringa. Samtidig som det gjev innsikt i, og forståing av pasienten sin eigen utvikling med omsyn til behandling og mestring. Pasientar som deltek i prosjekt x vil bli kartlagt med kvalitesregisteret som verktøy. 
​​
I mai 2014 var det 328 personar i LAR med status som LAR X. 70 personar takka ja til deltaking. 45 menn og 25 kvinner. Desse vert intervjua kvar tredje månad i to år. 

Kontaktinformasjon

Marianne Fjæreide


Sist oppdatert 19.09.2016