Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Rusmedisin Poliklinikk M31 og LAR Årstad

M31 er eit tilbod til personar som bruker heroin og/eller andre opioid og som ønskjer vurdering for legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Pasientar kan ta kontakt for avtale, utan tilvising.

M31

M31


M31 er eit supplement til det ordinære systemet med tilvising, og er etablert for å nå fleire i målgruppa med tilbod om behandling. Pasientar som blir tilbydd LAR kan starte poliklinisk utan krav om rusfridom.

Behandlingseininga er også ein LAR-poliklinikk for pasientar som bur i Årstad bydel. Den er tverrfagleg bemanna med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, erfaringskonsulent, overlege, LIS-lege og psykolog.

Poliklinikken er open 6 dagar i veka i tidsrommet 08.30.-12.00 for pasientsamtalar og utdeling av LAR-legemiddel. Oppfølging av pasientar og samarbeid med kommunale tenester og andre finner stad også etter den ordinære opningstida. Pasientar som får sitt LAR-legemiddel utlevert på apotek blir også følgt opp av behandlarar ved poliklinikken. Kvar pasient har ein eigen behandlar i det tverrfaglege teamet.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:30 - 13:30
  • Tysdag 08:30 - 13:30
  • Onsdag 08:30 - 13:30
  • Torsdag 08:30 - 13:30
  • Fredag 08:30 - 13:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

hvitt hus ved vannet.foto

Møllendalsveien 31

LAR M31 og Årstad, Møllendalsveien 31, 5009 Bergen