Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Floenkollektivet

Terapeutisk samfunn

Eksteriør Floenkollektivet. Foto

Kva er eit terapeutisk samfunn

I Floenkollektiver tilbyr vi traumebevisst omsorg ut frå tanken om at kvar einaste rusmisbrukar er unik og skal bli tilbydd individuell behandling. Behandlinga skal heile tida justerast i takt med elevens utvikling. Dette inneber:

  • Inkludering av eleven i samarbeidet, ved å skape ein open dialog prega av respekt for elevens oppleving av eigen livssituasjon. Vi bruker nemninga elev og ikkje pasient. Dette for å understreke og tydeleggjere ansvar for eiga behandling. 
  • Tillit og anerkjenning
  • Open dialog om elevens behandlingsplan
  • Sosial handlingsplan: Utdanning, arbeid, bustad og økonomi 
  • Recovery

Kva er ideen om eit demokratisk terapeutisk samfunn?

I staden for å styre elevar  med reglar og hierarkisk, autoritær kontroll, ønskjer vi å skape eit demokratisk fellesskap. Her er ikkje elevane underlagt behandlarane sin myndigheit, men dei tar sjølve aktivt del i eiga og andre si behandling og i organiseringa av kollektivets daglege liv.

Vi arbeider ut frå modellen:

Felleskapet som metode

Ved å spegle seg i eit fellesskap av andre skal eleven lære seg sjølv å kjenne og bli motivert til å endre livstil.

Fellesskapet er heile tida i spel, og eleven får moglegheit til å erfare ansvar for eiga behandling gjennom innsikt og bevisstgjering av fellesskapskjensle og tilhøyrsle.

Miljøterapien tar utgangspunkt i «her og no»- situasjonar, som blir undersøkt gjennom spegling og ærlege tilbakemeldingar.

Å vere i fellesskapet er behandlinga sitt grunnelement. Det betyr at elevane sin daglege omgang med kvarandre skal sjåast som eit miljøterapeutisk rom, kor eleven lærer seg sjølv å kjenne og øver seg i å delta i fellesskapet.

Fellesskapet er den viktigaste arena for sjølvhjelp, sosial læring, oppbygging av relasjonskompetanse og emosjonelle ferdigheiter. Her får eleven sjansen til å møte utfordringar og å få dei tilbakemeldingane dei treng for å kunne utvikle seg.

Tilknytting og relasjonar

«Skade skjedd i relasjon må reparerast i relasjon», derfor legg vi til rette for:

  • terapeutisk behandlingsallianse
  • mellommenneskeleg relasjon 
  • samarbeidsrelasjon om prosessen
  • emosjonelt band 
  • psykologisk tilknytting 
  • «dei vaksne som omsorgspersonar»

Traumebevisst omsorg

Vi arbeider for å hjelpe elevane frå eit miljø der dei har måtta: 

  • Finne tillit hos personar som er ustabile
  • Føle tryggheit i utrygge situasjonar
  • Kontrollere situasjonar som er uforutsigbare
  • Vere sterk når kjensla av hjelpeløyse dominerte, og eleven var ute av stand til å ta vare på seg sjølv

Elevane treng no å bli møtt på behova for opplevd tryggheit, gode relasjonar og bistand til kjensleregulering.

Dette er hovudpillarane i traumebevisst omsorg:

  • Tryggheit
  • Relasjon
  • Affektregulering/Kjensleregulering

Korleis gjer vi dette?

  • Forsikre elevene om at sterke kjensler – enten det er skuld, skam, tristheit eller sinne – er normale i etterkant av ein lang periode med rus og vonde opplevingar
  • Hjelpe eleven med å finne aktivitetar som gir moglegeheit til å oppleve meistring, kontroll og sjølvtillit
  • Gi perspektiv på konsekvensane av traumatiske livsopplevingar og understreke viktigheita av rekonvalesenstida
  • Hjelpe eleven med språk for opplevingar og kjensler
  • Skape stor grad av forutsigbarheit.
  • Bidra til gradvis og forsiktig eksponering mot situasjonar eleven er redd for.
  • Tilby samregulering – hugse at elevane er avhengige av samregulering for å lære sjølvregulering
    • Utan tidlegare samregulering vil ikkje eleven ha dei ferdigheitene til sjølvregulering som vi vanlegvis kan forvente. Då vil det ikkje hjelpe å be eleven om å ta seg saman. For at eleven skal lære og utvikle seg, må vi bidra med samregulering i denne prosessen fram mot meistring. 
    • Utrygge elevar har ikkje tryggheit inne i seg, så dei trenger den sittande ved sida av seg. 
  • Vere streng og snill.
  • Praktiske ferdigheiter: evne til uthaldenheit, ansvarskjensle, sjølvtillit osv. Vidare inneber det trening i evne til å overhalde retningslinjer og rutinar.
  • Sosiale ferdigheiter: evne til samarbeid, konflikt- og problemløysing
  • Emosjonelle ferdigheiter: å uttrykke og handtere ulike kjensler og stemningar, spesielt frustrasjon, sinne, angst og tristheit.
Sist oppdatert 22.03.2018