Responsteamet ved Regional avdeling spiseforstyrringar
Responsteamet ved Regional avdeling spiseforstyrringar er eit tverrfaglig team som tilbyr veiledning til behandlarar og miljøpersonale i saker med alvorlige spiseforstyrringar hjå ungdom og vaksne fra 16 år og oppover.
Deltakarar i responsteamet er psykolog og miljøpersonale med lang erfaring. Er det behov kan vi utvide teamet med klinisk ernæringsfysiolog og overlege. Teamet kan bidra i faglege drøftingar eller gje veiledning til behandlar og behandlingsteam i konkrete pasientsaker. Vi tilbyr også undervisning i samband med enkeltsaker.
Målgruppe
Tilvising
Send tilvisinga til Regional avdeling eteforstyrringar og be om rettleiing frå Responsteamet. Dersom pasienten er vurdert samtykkekompetent, må viser be om samtykke til tilvising. Dersom pasienten ikkje er vurdert samtykkekompetent, har behandlingsansvarleg ansvaret for å vurdere om dei er i behov av rettleiing i frå RAS for å kunne gi forsvarleg behandling, og å dokumentere dette i journal. Alternativet kan vere å be om rettleiing på anonymisert pasientsak.
Rettleiing
Faste behandlarar og miljøpersonalet i behandlingsteamet rundt pasienten møter til rettleiing. Problemstilling som blir ønskt drøfta sendast til Responsteam før rettleiingstimen. Dette for at Responsteam skal kunne førebu seg i forkant av rettleiing, og at aktuelle faggrupper deltar frå Responsteam. Responsteam dokumenterer kort i elektronisk journal, som blir send til lokalt behandlingsteam.
Faste tidspunkt for rettleiing
Onsdag kl.10:00 -11:00 (telefon)
Mandag kl.12:15 -13:00 (video)
Mandag kl.14:15 -15:00 (video)
Onsdag kl.09:15 -10:00 (video)
Onsdag kl.12:15 -13:00 (video)