Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Spiseforstyrringar
Informasjon til pårørande
Personar som har eit vanskeleg forhold til mat, kropp eller vekt vekker stor uro hos pårørande, vener og kollegaer. Dei gjer val som er vanskeleg å forstå for andre, og det kan vere at de opplever konfliktar grunna dette.
Som nær familie eller venn til ein person med spiseproblem kan mange oppleve at dei er makteslause når det gjeld dei vala personen gjer, og det kan vere vanskeleg å forstå kva som skjer.
Ved å få god behandling er det gode sjansar for at personen vil bli heilt frisk.
Når ein person har utvikla eit uheldig forhold til mat, kropp og vekt kan det vere vanskeleg å kome ut av fastlåste tankemønstre utan profesjonell hjelp.
Spiseproblem kan gjere at personen lagar seg mange reglar for kva han eller ho kan eller ikkje kan spise og gjere. Personen kan lage seg reglar for kva som må skje om reglane vert følgde eller brotne, og lagar seg nye og strengare reglar ettersom nye mål vert nådd. Dette systemet gjer at spiseproblemet held seg sjølv i gang i ein sirkel som er vanskelig å kome ut av utan gode verktøy.
Mange pårørande opplever det som vanskelig å ta tak i spiseproblemet. Det kan forsterke konfliktnivået ein allereie opplever, og føre til større avstand. Ein bør som pårørande ikkje gå inn i problemet, men undre seg saman med den som er råka over kva som hender. Ein kan tilby seg å følgje personen til kvalifiserte hjelpetilbod og ikkje ta ei behandlarrolle i forhold til personen sjølv.
Som pårørande til ein person som har spiseproblem kan ein føle seg åleine. Mange har stor nytte av å møte andre som opplever det same som dei. Seksjon for spiseforstyrringar ved Haukeland universitetssjukehus har eit nært samarbeid med ROS – rådgiving om spiseforstyrrelser. På nettsidene deira kan du finne meir informasjon om råd og tips til kva du som pårørande kan gjere, og du kan ta del i undervisning og andre aktivitetar som dei arrangerer.
Vi arrangerer også eit dagsseminar saman med ROS. Det skjer ein gong kvart halvår. Er du pårørande til nokon som har eit spiseproblem kan du sjølv melde deg på uavhengig av om vedkomande er i behandling eller ikkje.
Kven kan du ta kontakt med?
Seksjon for spiseforstyrringar er ei av fire regionale einingar for spiseforstyrringar i Norge. Det medfører at vi ikkje er første kontaktpunkt når ein søker hjelp.
For dei fleste som søker behandling for sitt spiseproblem vil fastlegen vere ein naturleg stad og starte. Skuleungdom kan også snakke med helsesøster på skolen.
Dersom den du er uroa over ikkje sjølv ynskjer å søke hjelp, kan du kontakte din egen fastlege for råd og rettleiing. Dersom det er naudsynt vil fastlegen også kunne sende ei tilvising til vidare oppfølging i spesialisert helsetilbod.
Om personen med spiseproblem er under 18 år, vil det vere Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) som er næraste hjelpeinstans.
Dei over 18 år vil kunne få eit tilbod på distriktspsykiatrisk poliklinikk (DPS). Dersom ein ikkje oppnår ønska behandlingsutfall på dette nivået, kan behandlar tilvise vidare til Seksjon for spiseforstyrringar. Vi kan ta imot pasientar frå fylte 16 år.
Dersom du trur at det er behov for øyeblikkelig hjelp må du kontakte legevakten der du bur.
For deg som pårørande vil vi anbefale å kontakte ROS. På nettsidene deira finn du mellom anna råd for kva du kan gjere som pårørande.