Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Eksteriør Glasblokkene. Foto

Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS)

Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS) som har ansvar for dei mest alvorleg sjuke med spiseforstyrringar i Helse Vest. Vi tilbyr behandling til pasientar som allerede har fått tilbod om behandling i primærhelsetjenesta og i distriktpsykiatriske senter (DPS) eller psykiatrisk klinikk for barn og unge (PBU). Det er eit krav at det skal sendast tilvising frå DPS eller PBU for å bli vurdert for behandling på regionalt nivå. Vi har ikkje øyeblikkeleg hjelp funksjon, kun planlagte innleggingar og ventetida vil variere over tid.

Kontakt oss

Treng du hjelp?

Her kan du lese meir om kven du kan ta kontakt med, kven vi er og korleis vi jobbar ved Seksjon for spiseforstyrringar.
Les meir om tilboda våre
Bilde av behandler og pasient.

Har du eit vanskeleg forhold til mat, kropp og vekt?

Dersom du har kome inn i ein sirkel der du tenker så mykje på mat, kropp eller vekt at det går ut over andre ting i livet ditt, kan det vere at du har eit spiseproblem. Her finn du informasjon om spiseforstyrringar, og om kva som skal til for å bli frisk.
Les meir om spiseforstyrringar og behandling
Foto: Pasient sitter i vinduskarmen

Er du bekymra for nokon?

Som nær familie eller venn til ein person med spiseproblem kan mange oppleve at dei er makteslause når det gjeld dei vala personen gjer, og det kan vere vanskeleg å forstå kva som skjer. Her finn du informasjon som kan vere til hjelp.
Gode råd til pårørande
Foto: Psykolog og pasient

Arrangement

  • Spiseforstyrringar pårørandeseminar
    Vi veit at det å jobbe seg ut av ei spiseforstyrring er ein tøff prosess, som ofte tar tid. Pårørande vil gjerne støtte, men er ofte usikre på korleis dei kan vere til hjelp. Velkomen til seminar med informasjon og samtaler om spiseforstyrringer.
    Spiseforstyrringar pårørandeseminar
    6.
    juni
    2025
    Fleire datoar
Sist oppdatert 13.02.2025