Behandlingstilbod ved poliklinikk for spiseforstyrringar
Spesialpoliklinikken ved RAS vert brukt til vurderingssamtalar for pasientar som er tilvist for behandling på regionalt nivå fra spesialisthelsetenesta. Målet er å avklare pasienten sin situasjon, og legge ein plan for kva som er anbefalt behandling vidare. Poliklinikken vert også brukt til forvern som førebuing til innleggelse i sengeposten. Pasientar som treng ettervern i ein periode for å hindre tilbakefall etter innleggelse kan også prioriterast medan lokalt behandlingsteam reetablerer kontakt
CBT-E - Kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrringar:
Er ein behandlingsmetode for alvorlege spiseforstyrringar. CBT-E tek utgangspunkt i først å beskriva eteproblema, så å jobba med endring for til slutt å fokusera på livet. Det er ei psykologisk behandling der pasienten sjølv jobbar aktivt for å løyse problema sine med støtte av ein CBT-E terapeut. Målet for pasienten å løyse eteproblema for å kunne leva resten av livet upåverka av spiseforstyrring.
TBT-S - Temperamentsbasert terapi med støtte
Er ei behandling for pasientar med spiseforstyrring og deira pårørande eller støttepersonar. Behandlinga er frivillig og det blir føresett at både pasientar og støttepersonar er aktive deltakarar og ønskjer å jobba mot tilfriskning. Behandlinga går over fem samanhengane dagar og er eit supplement til anna individuell behandling for spiseforstyrring.
Gjennom behandlingsveka får pasient og støtteperson auka felles forståing for problemet. Saman lagar dei ein avtale om korleis støttepersonen kan gi støtte i situasjonar der pasienten ønskjer det.
Temperament Based Therapy with Support (TBT-S)