Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Individuell jobbstøtte

IPS Ressursmiljø i Vest

Øyane distriktspsykiateriske senter (DPS) har saman med Askøy kommune, Øygarden kommune og NAV Region Vest fått midler fra Helsedirektoratet til å etablere sitt eget IPS Ressursmiljø.​

En person som peker på en person som bruker en datamaskin

IPS (Individual Placement and Support) eller individuell jobbstøtte på norsk, er ei kunnskapsbasert tilnærming til arbeidsrehabilitering for menneske med alvorlege psykiske lidingar. Tilnærminga er systematisk og integrert med behandlingstilbodet som blir gitt frå helsetenesta. Målsetjinga er å finne vanleg lønt arbeid.

​IPS tenesten på Øyane DPS

IPS  ved Øyane DPS vart etablert i 2018. Teamet består av tre jobbspesialistar integrerte i Allmennpoliklinikk og FACT.​

IPS Ressursmiljø i Vest

IPS Ressursmiljø i Vest vart etablert i oktober 2023. Bakgrunn for etableringa er at Øyane DPS, NAV Askøy og Øygarden, Øygarden og Askøy kommune har gjennom dei seinare åra bygd opp og utvida eit stabilt og godt forankra IPS tilbod både i kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta. Regionen ønskjer å vidareutvikle den høge kompetansen på å tenkje arbeid integrert med helsehjelp og bidra med utvikling av dette innanfor og utanfor eigen region.

Plan

Ressurspersonane arbeider med å styrkje samarbeidet mellom kommunehelseteneste, spesialisthelseteneste og NAV. Det er fokus på å auke kunnskap og kompetanse for nye, og etablerte tenester. Ressursmiljøet arbeider integrert i tenestene for å utvikle og føre vidare gode løysingar med fokus på arbeid og utdanning som ein del av behandlinga.

​Organisering

Prosjektleiar:
Anne Fimreite Paulsen, IPS Utviklingskoordinator ved Øyane DPS
Ingvild Viken, IPS Utviklingskoordinator ved Askøy kommune

Styringsgruppe:
Liv Åse Dybdal, Klinikkdirektør Øyane DPS
Therese Helgesen, leier Rus og pyskisk helse Øygarden kommune
Inger Jørgensen, leier Rus og psykisk helse Askøy kommune (Origo)
Helga B Torgersen, leier NAV region vest
Nina Andersen, leier NAV Øygarden.  

Arbeids- og utdanningspesialist 

I 2024 fekk Øyane DPS og Ressursmiljøet i Vest nye midlar frå Helsedirektoratet til å etablere ein Arbeids- og utdanningspesialist (AUS)-stilling i FACT-team.

AUS-stillinga jobbar miljøterapeutisk med eit ekstra fokus på arbeid, utdanning og aktivitet. Øyane DPS deltek i nasjonal forsking på AUS-stillingar.

Kontakt

Anne Fimreite Paulsen
IPS Utviklingskoordinator og prosjektleiar for
IPS Ressursmiljø i Vest, Øyane DPS.

Innsiktsrapport - IPS Ressursmiljø i Region Vest.pdf

Sist oppdatert 11.11.2024