Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Regionalt senter for hørsel/sansetap og psykisk helse

Regionalt senter for hørsel og psykisk helse (RSHP) vart etablert for vaksne i 2009 og for barn og unge i 2014. I 2024 vart tilbodet for vaksne utvida til også å inkludere pasientar med synshemming og namnet til vakseneininga vart endra til Regionalt senter for sansetap og psykisk helse (RSSP). Senteret er eit psykiatrisk tilbod innan spesialisthelsetenesta og er organisert under Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Tilbodet gjeld likevel for heile Helse Vest, og er todelt mellom psykisk helsevern for vaksne og for barn og unge.

Kontakt

Telefon

Kontaktinformasjon - Tilbod for vaksne

55 95 60 00

Kontaktinformasjon - Tilbod barn og unge

55 97 80 00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Oppmøtested for voksne: Kronstad DPS, Fjøsangerveien 36, ved Danmarksplass i Bergen. 

Oppmøtested for barn og unge:  BUP Fana, Fusa og Austevoll på Nesttun, Østre Nestunvei 20. 

Logg inn for å endre time

Kronstad

Fjøsangerveien 36

5054 Bergen

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.