Treningsterapi ved psykoselidingar
Personar med alvorlege psykiske lidingar har 15-20 år kortare forventa levealder samanlikna med den generelle befolkninga. Dette kan i stor grad tilskrivast kardiovaskulære sjukdommar. Fysisk trening bidreg til auka kognitiv fungering, betring i negative symptom, livskvalitet, og redusert risiko for kardiovaskulære sjukdommar. Formålet med studien er å samanlikna effekten av to ulike treningstypar; høyintensitetsintervaltrening og forenkla versjon av dette.
Kunnskapen om positiv effekt av fysisk trening på psykisk og somatisk tilstand hos pasientar med alvorlege psykiske lidingar er velkjend. Høyintensitetsintervaltrening (HIT) har vist seg å vera gjennomførbar blant pasientar med alvorlege psykiske lidingar. Likevel blir effektiviteten avgrensa av HIT av fråfall og mangelfull etterleving. Ein forenkla variant av HIT vil kanskje bidra til at fleire pasientar klarer intervensjonen, og kompensera for den noko lågare effektiviteten av forenkla HIT samanlikna med standard HIT.
Formålet med studien er å samanlikna effektiviteten av standard 4 x 4-min HIT vs forenkla 1 x4-min HIT på tredemølle. I tillegg, utforska treningseffektar på grunnleggjande prosessar i kroppen.
Kva inneber studien?
Deltakarane vil bli tilfeldig valde ut til å trena anten standard eller forenkla HIT på tredemølle.
Gruppetrening vil gå føre seg to gonger i veka, i 26 veker på Treningspoliklinikken, Psykiatrisk klinikk (Sandviken Sjukehus),bygg 9. Deltakarane vil få rettleidd trening.
Treningsterapiprosjektet inneber måling ved 5 ulike tidspunkt: ved inklusjon, 4,12, 26 og 52 veker etter inklusjon. Målingane omfattar mentale og kognitive symptom, livskvalitet, motivasjon, klinisk tilstand, fungering, oksygenopptak, fysisk aktivitet og blodprøver.
Ved spørsmål ta kontakt med postdoc Farivar Fathian.
farivar.fathian@helse-bergen.no
Standard 4 x4 HIT | Forenklet 1x4 HIT |
---|---|
7 min oppvarming | 7 min oppvarming |
4 min gange/jogg/løp | 4 min gange/jogg/løp |
3 min gange/jogg i rolig tempo | 5 min nedtrapping |
4 min gange/jogg/løp | |
3 min gange/jogg i rolig tempo | |
4 min gange/jogg/løp | |
3 min gange/jogg i rolig tempo | |
4 min gange/jogg/løp | |
5 min nedtrapping | |
Total tid ca 37 min | Total tid ca 16 min |