Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Persontilpassa medisin i psykosebehandling

Forskinga vår har som mål å revolusjonera behandlinga av nevropsykiatriske lidingar som schizofreni, gjennom å bevega seg utover den tradisjonelle gruppebaserte tilnærminga til bruk av antipsykotiske medikament som ikkje passar kvar enkelt pasient, både om effekt og biverknader.

Desse biverknadene kan vera så utfordrande at mange pasientar avsluttar bruk av medikamenta altfor tidleg. For å overvinna dette, vil teamet vårt utvikla metodar for å føreseia korleis individ vil respondera på desse medikamenta basert på dei unike genetiske trekka deira. Me bruker nyskapande teknikkar for å forvandla blodceller til ulike celler i sentralnervesystemet.

Dette gjennombrotet vil gjera det mogleg for oss å forstå korleis genetikken til individ påverkar reaksjonen deira på ulike medikament ved hjelp av analyse av blodprøver frå pasientar med nevropsykiatriske lidingar. Det ultimate målet for forskinga vår er å utvikla ein laboratorietest som vil gjera det mogleg for psykiatrar og forskarar å skapa meir effektive og persontilpassa behandlingsplanar.

Dette vil gi pasientane våre betre symptomreduksjon og/eller færre medikamentsbiverknader. I tillegg, vil våra funn bidra til utforming av neste generasjon av antipsykotiske medikament, som vil vera meir presise og med mindre biverknader.

Sist oppdatert 21.06.2024