Kva inneber det å vere KIT-terapeut?
En viktig del av kvalitetssikringa av terapimetoden og ikkje minst for å bygge et støttande miljø for implementering og fagutvikling er månadlege veiledningsgruppar.
KIT-terapeutar rekrutterer pasientar frå eigne eller pasientlistene til teamet, og behandlinga som blir gitt er ein del av oppfølginga i eininga. Pasientanes blir screena med TALE, og ved skåre over >5 på 21c for traume som har skjedd minst ein månad før kartlegging så tek ein kontakt med lokal studiepersonell (studiesjukepleiar eller stipendiat).
KIT-terapeutar får grunnopplæring i metodane EMDR1 i 3 dagar, og dessutan 3 dagars vidare opplæring i EMDR for psykose i regi av Manchester University.
Nokre terapeutar i KIT har også opplæring i CBT for psykose i 3 dagar og traumefokusert CBT for psykose i 3 dagar frå King's College.
Særleg viktig er å delta på rettleiing, som går føre seg i heile prosjektperioden. Rettleiinga er 2 timar kvar månad i rettleiingsgrupper på maksimum 6 terapeutar. Rettleiingsgruppene blir leidde av 2 KIT-rettleiarar.
KIT-terapeutar blir også inviterte på fagdagar i KIT.
Det er eit viktig prinsipp for KIT at det ikkje skal medføre ei auka registreringsbyrde å vere KIT-terapeut. Det betyr at eige studiepersonell, DVs studiesjukepleiarar og stipendiatar, innhentar den forskingsrelaterte informasjonen frå pasientane direkte. I tillegg får pasientane spørsmål om korleis det går tilsendt direkte på telefon gjennom NORSE-systemet.
Det einaste KIT-terapeutane har av skjema er nokre korte spørsmål etter kvar terapitime om 1) endringar i tilstanden til pasientane ein bør vere obs på, og 2) om ein har følgt terapimetoden (sjå skjemaet under). Skjemaet kan svarast på elektronisk eller på eige ark.