Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Tilvising av ortopediske blautvevslesjonar

Her finner du våre tilvisingsrutinar av ortopediske blautvevslesjonar.

Kva pasientar skal tilvisast?

  • Radiologisk mistanke om bløtvevsarkom (MR)
    • MR må tas på lokalsjukehus / institutt. Haukeland Universitetssjukehus har ikkje kapasitet til primærutgreiing på generell basis.
    • Ultralydundersøking er som regel utilstrekkeleg som einaste bildemodalitet.
    • Pasientar med blautvevssvulstar som ikkje er lipom skal visast til sarkomsenter og bilda vurderast der, uansett Mr-funn.
  • Mistanke om tilbakefall av tidlegare behandla bløtvevsarkom

Kva svulstar bør greiast ut med MR?

  • Alle djupe tumorar uansett størrelse (immobile mot kontrahert muskulatur).
  • Alle subkutane tumorar > 5 cm.
  • Alle malignitetssuspekte (rask vekst, residiv etter tidlegare kirurgi, uvanlege smerter).

Kva svulstar treng ein ikkje tilvisast / kan behandlast lokalt?

  • MR verifiserte subkutane lipomer, uansett størrelse. Kan fjernast på lokalsjukehus/fastlege ved klinisk indikasjon.
  • MR eller CT verifiserte, tilfeldig oppdaga eller asymptomastiske, djupe lipomer – uavhengig av størrelse. Det er heller ikkje nødvendig med biopsi eller rutinekontrollar.
  • Overflatiske svulstar under 5 cm og som ikkje er malignitetssuspekte kan enten observerast eller fjernast på lokalsjukehus/hos fastlege. 
  • Vi anbefaler at ein visar stor aktsemd ved kirurgisk fjerning av svulstar i lyske, knehase, ankel og fot, armhole, olboge og hand (i praksis betyr dette nærleik til kar/nervar). I desse lokalisasjonane bør ein vere liberale med Mr-undersøkingar sjølv om svulsten er mindre enn 5 cm. Årsaken er at ein evt. reeksisjon kan bli mykje meir komplisert eller gi større funksjonstap enn nødvendig.

Kva bør tilvisinga innehalde?

  • Kliniske opplysningar om symptom, varigheit og kliniske funn
  • Radiologisk svarrapportar (Mr-beskriving, men røntgen og CT også vere relevant å vurdere, sjølv om dei er beskrivne negativt)

Bløtvevssulster hos barn

Alle blautvevssvulstar på trunkus og ekstremitetar (som ikkje openbert er reaktive lymfeknutar i samband med febersjukdom), skal visast til utgreiing ved ei barneavdeling, uavhengig av størrelse.

Sist oppdatert 17.02.2025