Tilvising av beinlesjonar
Ved mistanke om beinsarkom eller annan uavklart beinlesjon der du mistenker malign eller lokalt aggressiv benign beintumor, skal du tilvise pasienten så fort som mogleg.
Generelt
- Det vanlegaste symptomet ved beinsarkom er smerter.
- Dei fleste beinsarkom er synleg på eit vanleg røntgenbilde.
- Pasienten skal tilvisast utan førre biopsi.
Kva pasientar skal tilvisast?
- Ved malingitetssuspekte røntgenfunn slik som beintap, destruksjon av cortex, beinnydanning eller periostreaksjon
- Ved mistanke om patologisk fraktur utan kjent underliggande kreftsjukdom
- Ved uklar diagnose og mistanke om beinsvulst
Kva bør tilvisinga innehalde?
- Kliniske opplysningar om symptom og symptomvarigheit og ev tidlegare kreftdiagnosar eller andre systemsjukdommar.
- Opplysningar om alle relevante røntgenundersøkingar – også gamle, negative bilde av aktuelt område er interessante.
Sist oppdatert 17.02.2025