Ergoterapi ved plastikkirurgi
Som pasient ved Plastikkirurgisk avdeling får du hjelp av ergoterapeut til rehabilitering etter traume, sjukdom, medfødde tilstander og erverva deformitetar i handa. Målet med behandlinga er å oppnå best mogleg handfunksjon for at pasienten kan fungera tilfredsstillande i kvardagen.
Behandlingar frå ergoterapeuten kan blant anna vere:
- Tilpassing av ortose
- Handtrening gjennom øvelser og bruk av kvardagsaktivitetar
- Rettleiing
Ergoterapeutane er tilknytta Plastikkirurgisk avdeling, både sengepost og poliklinikk.
Sist oppdatert 28.11.2024