Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Ergoterapi ved Nevroklinikken

Tre damer i hvitt sykehustøy hjelper sittende pasient med å drikke

Ein nevrologisk sjukdom eller skade får ofte konsekvensar for utføringa av daglege aktivitetar. Ved Nevroklinikken behandlar ergoterapeutar primært innlagte pasientar, men har òg poliklinisk verksemd. Ergoterapeuten kartlegg pasienten si evne til å utføra aktivitetar som personleg stell, påkleding, tilbereiing av måltid mm. For å betre funksjonsnivået medverkar ergoterapeuten med trening i daglege aktivitetar, samt trening av fysiske og kognitive funksjonar.

Ved ulike sengepostar jobbar ein tett saman med andre yrkesgrupper for å gi eit best mogleg pasientilbud. Ergoterapeutane inngår i ulike tverrfaglege poliklinikkar, mellom anna ALS-, MS-, spastisitets-, muskel- og hjerneslagpoliklinikk. Ergoterapiavdelinga har eigen arm- og handpoliklinikk for pasientar med pareser eller spastisitet i arm og hand som følgje av erverva hjerneskade. I tillegg kan pasientar med utfordringar knytta til aktivitetsregulering følgjast opp poliklinisk av ergoterapeut.   

 
 

​Nyttige nettsider

Sist oppdatert 28.11.2024