Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Nevrokirurgisk overvakningsavsnitt (NOVA)

Nevrokirurgisk overvakningsavsnitt (NOVA) er ein del av Nevrokirurgisk sengepost, og består av 9 sengeplassar med utstyr for kontinuerlig overvaking. 

Pasientane som ligg hos oss har ofte nyleg vore til operasjon av hjernen eller har av ulike årsaker behov for ekstra oppfølging i form av monitorering og overvåking. Nokre pasientar er tilkopla ulike apparat medan andre får behandling som gjer at dei treng kontinuerleg tilsyn av kvalifisert personale.

Sjukepleiarane som arbeider her har enten tilleggsutdanning som nevrosjukepleier eller dei har tileigna seg nødvendig kompetanse og erfaring for overvåking av pasientar med nevrokirurgiske tilstandar.  

 

Besøkstid

På NOVA har vi ikkje fast besøkstid og besøk må difor avtalast med personalet på førehand. Overvåkingspasientar treng mest mogleg ro og det er difor ønskeleg med korte besøk og ikkje fleire enn to personar på besøk om gangen.

Ved legevisitt, vaktskifter, stell, undersøkingar og behandlingar vil besøkande bli bedt om å vente i gangen. Dette gjer vi for å oppretthalde teieplikt og for å skjerme pasientar.

Ved besøk ber vi om at lyd på mobiltelefonar og liknande blir skrudd av så lenge de er på avdelinga. 

Kontakt