Vil du jobbe i Akuttposten?
Akuttposten tar imot pasientar som treng medisinsk overvåking og behandling etter inntak av rusmidler, eller abstinensbehandling. Gjennomsnittleg opphaldstid er ca. 24 timer (maks. opphaldstid 48 timer).
![En person som bærer maske](/4ac7ed/contentassets/f4a16b0995664150a90864892caded95/dsc07639_lo-akuttposten.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Akuttposten er ein knutepunktseining som bind saman dei tre felta somatikk, psykiatri og rusproblematikk. Vi har ein individtilpassa tilnærming, og er opptatt av å ikkje oversjå somatiske årsaker til pasientens tilstand.
Eininga har kring 27 tilsette, både sjukepleiarar, assistentar og sosionom. Dei fleste jobbar i tredelt turnus.
I Akuttposten deltar du både i mottak av pasienter, overvaking, behandling, og kartlegging av pasientens forhold. Vi samarbeider med somatiske avdelingar i sjukehuset, andre einingar i Mottaksklinikken, og med psykiatrien.
Vi har stort fokus på sikkerheit, både for pasientar og tilsette.
I Akuttposten kan vi tilby eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø og ein spennande arbeidskvardag.
Her utviklar du kompetanse innen både somatikk, psykiatri og rusproblematikk. Du blir god til å sjå heile hele mennesket, vere fleksibel, og følgje pasientens tilstand og utvikling.