Vil obduksjonen forseinka gravferda?
Som regel vil ein obduksjon ikkje ha noka betydning for tidspunktet for gravferda.
Obduksjonen blir som regel utført på formiddagen første arbeidsdag etter dødsfallet. Den avdøde kan derfor tidlegast hentast av gravferdsbyrået same ettermiddag. Av og til må obduksjonen av praktiske grunnar utsetjast. Sjukehuset kan også utsetja obduksjonen viss pårørande ønskjer meir tid. Gravferdsbyråa har dialog med avdelinga for avtale om uthenting.
Handtering av vev, vev til forsking og undervisning
Når obduksjonen er ferdig, blir organa førte tilbake i kroppen og opningane blir lukka. Små vevsbitar som blir tekne ut til undersøking i mikroskop, blir tekne vare på ved Avdeling for patologi. Av og til vil det vera nødvendig å undersøkja delar av, eller heile organ for grundigare undersøkingar. Desse organa kan då ikkje leggjast tilbake i kroppen, men blir i ettertid kremert. Viss sjukehuset vil ha moglegheit for å nytte materiale frå obduksjonen til seinare undervisning eller til forsking, skal pårørande informerast og givast moglegheit for å reservera seg særskilt. Viss vev skal brukast til undervisning og forsking, kan det ikkje leggjast tilbake i kroppen. Det blir i ettertid kremert, eller handtert i samsvar med aktuell REK-godkjenning.
Minnelund
Før på følgende setning nederst under dette kapittelet: Obduksjon av foster/dødfødde barn/barn døde i perinatal perioden
Pårørande vel sjølv om dei ønskjer gravferd, minnelund med namn eller anonym minnelund til fostera deira/barnet.