Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

WESTCOR-studien

WESTCOR-studien er eit samarbeidsprosjekt mellom medisinsk biokjemiske laboratorier (Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi og Laboratorium for medisinsk biokjemi), Hjerteavdelingane og Mottaksklinikkane ved Haukeland og Stavanger universitetssjukehus. Prosjektet har inkludert 1900 pasientar som var innlagt til utredning av akutt iskemisk hjertesjukdom (brystsmerter, akutt hjerteinfarkt eller akutt hjertekrampe), enten ved Haukeland eller Stavanger Universitetssjukehus.

Kva vil vi oppnå med WESTCOR-studien

  • ​Undersøke om ein basert på gitte konsentrasjonar eller endringar i konsentrasjonar av biomarkører trygt kan avslutte observasjonen av pasientar innlagt med mistenkt akutt koronar iskemi tidlegare enn det som er dagens praksis
  • Samanlikne diagnostisk yteevne og analytisk/biologisk interferens for dei to mest brukte diagnostiske markørene for iskemisk hjertesjukdom (høy sensitiv Troponin T og høy sensitiv Troponin I) i ein populasjon av uselekterte brystsmertepasientar og i undergrupper av pasientar med kroniske lidingar (f.eks. nyresjukdom)
  • Undersøke diagnostisk yteevne for ulike forskingsbaserte iskemiparametre i ein uselektert populasjon og i undergrupper av kronisk sjuke
  • Undersøke om ulike biomarkørar kan gje informasjon om framtidig risiko for til dømes kardiovaskulær sjukdom, nyre sjukdom og død.
  • Opparbeide en omfattande biobank for pasientar med akutt iskemisk hjertesjukdom og produsere vitskapelig arbeid av høg kvalitet

Tidsplan

Inklusjonen i studien starta i september 2015 og vart avslutta 12. mars 2020, dette var tidligare enn planlagt men nødvendig pga utbrotet av koronapandemien. Det er planlagt å følgje opp pasientane gjennom nasjonale kvalitetsregister for mellom anna hjertesjukdom, hjerneslag og nyresjukdom dei neste 5 åra. Oppfølginga kan utvidast med inntil 15 år dersom ein finn det hensiktsmessig.

Organisering og samarbeid

Kristin M Aakre er prosjektleiar for WESTCOR-studien. Studien er styrt av ei styringsgruppe som består av Kristin M Aakre (Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Haukeland universitetssjukehus), Kjell Vikenes (Hjerteavdelingen, Haukeland universitetssjukehus), Rune Bjørneklett (Mottaksavdelingen, Haukeland Universitetssjukehus), Øyvind Skadberg  (Lab. for medisinsk biokjemi, Stavanger universitetssjukehus) Vernon VS Bonarjee (Hjerteavdelingen, Stavanger universitetssjukehus) og Øistein R Mjelva (Akuttmottak, Stavanger Universitetssjukehus). Til daglig jobbar fleire legar og forskarar med innsamling av data, og medarbeidarar ved laboratoria og hjerteavdelingane har lagt ned eit stort arbeid for å samle inn prøvemateriale og analysere data. Studien har samarbeidspartnarar ved fleire nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar.
 
WESTCOR-studien har publisert ei lang rekke vitskapelige publikasjonar i internasjonale tidsskrift. Basert på dette er studien invitert med i samarbeid med forskningsgrupper frå andre delar av verda (til dømes Storbritannia og EU). WESTCOR-studien vil slik kunne bidra også i andre forskningsprosjekt, til dømes ved å bekrefte at funn som vert gjort internasjonalt kan reproduserast i Norge. At norske pasientar er inkludert i store internasjonale studier som vert nytta som grunnlag for internasjonale anbefalingar er ein fordel, då dette medfører at anbefalingane i større grad vil kunne vere tilpassa norske pasientar og norsk helsevesen.  ​

Oppfølgings og implementeringsprosjekt

I oktober 2024 startar eit nytt prosjekt som ein oppfølging av WESTCOR-studien. Målet med prosjektet er å implementera hurtigutgreiing av pasientar med mistenkt akutt koronarsyndrom i akuttmottak ved Haukeland Universitetssjukehus i 2024 og Stavanger Universitetssjukehus i 2025. Prosjektet vil undersøkja hurtigutgreiingsprotokollen som tidligare er undersøkt i WESTCOR-studien (0/1 timest algoritmen) reduserer liggetid i akuttmottak eller i sjukehuset, når denne verten brukt i vanleg klinisk rutine. Dette vil ein gjere ved å gjennomgå innkomstjournal til om lag 4-5000 pasientar (> 17 år) som har vore innlagt og greidd ut for mogleg akutt koronarsyndrom før og etter hurtigutgreiingsprotokollen vart implementert  (perioden desember 2023 til mai 2024 vert samanlikna med perioden desember 2024 til mai 2025). Ein vil samenlikne liggetid i akuttmottak og sjukehus og dessutan registrera kliniske data og bruk av koronar CT undersøking, og slik kunne måla effekten av å innføra protokollen. I tillegg vil ein undersøkja at protokollen er trygg, det gjer ein ved å registrera antal pasientar som vert reinnlagt, diagnostisert med hjarteinfarkt eller døyr innan 30 dagar etter opphaldet. Resultata vil bli presenterte på nasjonale- og internasjonale forskingskongressar, og publisert som artiklar i internasjonale tidsskrift. Dette vil bli gjort på ein slik måte at det er umogleg å kjenna igjen enkeltpersonar (berre samledata vert presentert). Det er gjort fritak for krav om samtykke på individnivå, sidan studien har låg risiko for enkeltpasientar men høg nytteverdi, både for pasientane og for helsevesenet og samfunnet. Data vil bli lagera på godkjent forskingsserverar i 5 år.

Publikasjonar

  1. Diagnosing Myocardial Injury in an Acute Chest Pain Cohort; Long-Term Prognostic. Implications of Cardiac Troponin T and I. Saeed N, Steiro OT, Langørgen J, Tjora HL, Bjørneklett RO, Skadberg Ø, Bonarjee VVS, Mjelva ØR, Norekvål TM, Steinsvik T, Vikenes K, Omland T, Aakre KM. Clin Chem. 2024 Oct 3;70(10):1241-1255. doi: 10.1093/clinchem/hvae110. 
  2. Prognostic value of growth differentiation factor-15 3 months after an acute chest pain admission. Myrmel GMS, Steiro OT, Tjora HL, Langørgen J, Bjørneklett RO, Skadberg Ø, Bonarjee VVS, Mjelva ØR, Pedersen ER, Vikenes K, Omland T, Aakre KM. Heart. 2024 Mar 12;110(7):508-516.
  3. Chronic myocardial injury diagnosed by three high-sensitivity cardiac troponin assays; differences in prevalence and prognostic implications. Ole-Thomas Steiro, Jørund Langørgen, Hilde L Tjora, Rune Bjørneklett, Øyvind Skadberg, Vernon V S Bonarjee, Øistein R Mjelva, Trude Steinsvik, Bertil Lindahl, Torbjørn Omland, Kristin M Aakre*, Kjell Vikenes*. Clin Chem Lab Med. 2023 Nov 9. doi: 10.1515/cclm-2023-0336.
  4. Prognostic value of Growth Differentiation Factor - 15 three months after an acute chest pain admission. Gard Mikael Sæle Myrmel, Ole Thomas Steiro, Hilde Lunde Tjora, Jørund Langørgen, Rune Oskar Bjørneklett, Øyvind Skadberg, Vernon Vijay Singha Bonarjee, Øistein Rønneberg Mjelva, Eva Ringdal Pedersen, Kjell Vikenes, Torbjørn Omland, Kristin Moberg Aakre. Heart. 2023 Nov 24:heartjnl-2023-323260. doi: 10.1136/heartjnl-2023-323260
  5. Growth Differentiation Factor 15: A Prognostic Marker in Patients with Acute Chest Pain without Acute Myocardial Infarction. Myrmel GMS, Steiro OT, Tjora HL, Langørgen J, Bjørneklett R, Skadberg Ø, Bonarjee VVS, Mjelva ØR, Pedersen EKR, Vikenes K, Omland T, Aakre KM. Clin Chem. 2023 Jun 1;69(6):649-660
  6. Predictors of long-term symptom burden and quality of life in patients hospitalized with chest pain: A prospective observational study. Nasir Saeed, Tone M Norekvål, Ole Thomas Steiro, Hilde L Tjora, Jørund Langørgen, Rune Bjørneklett, Øyvind Skadberg, Vernon V S Bonarjee, Øistein R Mjelva, Torbjørn Omland, Kjell Vikenes, Kristin M Aakre. BMJ Open. 2022 Jul 13;12(7):e062302.
  7. Association between symptoms and risk of non-ST segment elevation myocardial infarction according to age and sex in patients admitted to the emergency department with suspected acute coronary syndrome: a single-center retrospective cohort study. Ole-Thomas Steiro, Kristin M Aakre, Hilde L Tjora, Rune Bjørneklett, Øyvind Skadberg, Vernon V S Bonarjee, Øistein R Mjelva, Torbjørn Omland, Kjell Vikenes, Jørund Langørgen. BMJ Open. 2022 May 12;12(5):e054185.Adding stress biomarkers to high sensitivity cardiac troponin for rapid NSTEMI rule-out protocols. Ingar Ziad Restan, Ana Yufera Sanchez, Ole-Thomas Steiro, Pedro Lopez-Ayala, Hilde L. Tjora, Jørund Langørgen, Torbjørn Omland, Jasper Boeddinghaus, Thomas Nestelberger, Luca Koechlin, Paul Collinson, Rune Bjørneklett, Kjell Vikenes, Heidi Strand, Øyvind Skadberg, Øistein R. Mjelva, Alf Inge Larsen, Vernon V. S. Bonarjee, Christian Mueller, Kristin M. Aakre. Eur Heart J Acute Cardiovasc Care. 2022 Jan 13:zuab124. doi: 10.1093/ehjacc/zuab124.
  8. Diagnostic performance of novel troponin algorithms for the rule-out of Non ST elevation acute coronary syndrome. Hilde L Tjora, Ole-Thomas Steiro, Jørund Langørgen, Rune Bjørneklett, Øyvind Skadberg, Vernon V S Bonarjee, Øistein R Mjelva, Paul Collinson, Torbjørn Omland, Kjell Vikenes, Kristin M Aakre. Clin Chem. 2021 Dec 13:hvab225. doi: 10.1093/clinchem/hvab225.
  9. Clinical risk scores identify more patients at risk for cardiovascular events within 30 days as compared to standard ACS risk criteria: The WESTCOR study. Ole-Thomas Steiro, Hilde L Tjora, Jørund Langørgen, Rune Bjørneklett, Ottar K Nygård, Øyvind Skadberg, Vernon V S Bonarjee, Bertil Lindahl, Torbjørn Omland, Kjell Vikenes, Kristin M Aakre. Eur Heart J Acute Cardiovasc Care. 2020 Oct 2:zuaa016. doi: 10.1093/ehjacc/zuaa016.
  10. Cardiac troponin assays with improved analytical quality – a trade-off between enhanced diagnostic performance and reduced long-term prognostic value. Hilde L Tjora, Ole-Thomas Steiro, Jørund Langørgen, Rune Bjørneklett, Ottar K Nygård, Øyvind Skadberg, Vernon V S Bonarjee, Paul Collinson, Torbjørn Omland, Kjell Vikenes, Kristin M Aakre. J Am Heart Assoc. 2020 Dec;9(23):e017465
  11. Aiming towards evidence based interpretation of cardiac biomarkers in patients presenting with chest pain - the WESTCOR study: Study design. Hilde L Tjora, Ole-Thomas Steiro, Jørund Langørgen, Rune Bjørneklett, Ottar K Nygård, Renate Renstrøm, Øyvind Skadberg, Vernon V S Bonarjee, Bertil Lindahl, Paul Collinson, Torbjørn Omland, Kjell Vikenes and Kristin M Aakre. Scand Cardiovasc J. 2019 Jul 1:1-6.
Sist oppdatert 11.11.2024