Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Utsikt fra gangbro inn i tappesal med helsepersonell og blodgivere som gir blod på Blodbanken Haukeland. Foto

Blodbanken Helse Bergen

Blodbanken i Helse Bergen er den største blodbanken på Vestlandet fordelt på Haukeland sjukehus, Blodbussen og Voss sjukehus.  Det er over 100 tilsette ved avdelinga, og vi har både bioingeniørar, sjukepleiarar, helsesekretærer, legar, kontorpersonale og assistentar. Vi har fått app. Den finner du ved å søke Blodbanken der du laster ned apper. Der finner du også meir informasjon om blodbussen.

Vil du bli blodgivar?

Blod er i mange tilfelle heilt nødvendig for å kunne redde liv. I løpet av livet vil om lag halvparten av oss ha behov for blod eller produkt laga av blod. Her finn du informasjon om å gi blod, kven som kan gi blod, korleis du registrerer deg, kor du kan gi blod og  blodgivar-appen med meir.

Les meir om blodgiving
Blodgiver gir blod i Blodbanken. Foto

Blodbussen

Sjekk stoppesteder og tider for blodbussen.
Les meir om blodbussen i blodgivar-appen
Blodbussen

Kontakt

Telefon

Blodbanken Haukeland

55 97 30 17
Telefontid måndag-fredag kl. 07.30-15.00

Blodbanken Voss:

56 53 35 00
Telefontid måndag-fredag kl. 07.30-15.00

E-post

blodbanken@helse-bergen.no

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Våre blodgivarar kan gi blod på Haukeland universitetssjukehus, på Blodbussen eller på Voss sjukehus.

Gi blod på Haukeland: Gå inn i Sentralblokka, ta heisen til 3. etasje og følg deretter skilta til Blodbanken.

Besøkstider Haukeland universitetssjukehus
Måndag, tysdag, torsdag og fredag: kl. 07.30 – 15.00
Onsdag kl. 12.00 – 19.00

Besøkstider Voss sjukehus
Tysdag og torsdag kl. 07.30 – 14.30

Laboratoriebygget

Laboratoriebygget på Haukeland

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Sesam Sesam på Haukeland universitetssjukehus: Bommane og billettautomatane er no fjerna til fordel for eit skiltgjenkjenningssystem. Det vil seie at eit kamera les bilnummeret ved inn- og utkøyring.

Du køyrer som vanleg inn i parkeringshuset, men utan å trekkje parkeringsbillett. Hugs å notere deg bilnummeret ditt. Dette må du hugse når du møter opp til timen din.

Registrer ditt eige parkeringsfritak i nettbrett ved resepsjonen.  Parkeringa blir da oppdatert, slik at du ikkje blir belasta for parkeringsavgift.

Fri parkering i 3 timar

Blodgivarar har fri parkering i 3 timar. Etter timen treng du ikkje foreta deg noko anna enn å køyre ut av parkeringshuset. Du må ikkje vise billett, eller betale.

Vidare informasjon om parkering som blodgivar finn du på blodbanken-bergen.no eller i Blodbanken-appen.


Parkeringsplassar

Det er eigne parkeringsplassar for blodgivarar på parkeringsdekket i Sentralblokka. Desse plassane ligg på nordsida av parkeringsdekket og er skilta. Du kan parkere kor som helst du finn ein ledig plass, ikkje berre på dei reserverte plassane.

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

      Last ned Blodbank appen

      I appen «Blodbanken» kan du lese mer om hva blodgivning er, bestille time og bli blodgiver. Via en selvtest kan du teste om du kan bli blodgiver eller om du er klar for blodgivning akkurat i dag.
      Les mer.
      .