Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Conimpregstudien
Bakgrunn, resultater og vidare plan
CONIMPREG (conception-implantation interval in pregnancy) er ein studie der vi ønskjer å finne fosterets nøyaktige alder, utvikling, lengda på svangerskapet, barnets vidare vekst etter fødsel og kva slags faktorar som påverkar dette.
Dette vil vi vite meir om fordi vi trur at viktige føresetnader for helseutviklinga til barnet seinare i livet, blir lagt allereie i den tidlegaste fasen av svangerskapet.
I studien kartla vi din eggløysing, kor tid det befrukta egget festar seg i livmora, fosterets vekst, lengda på svangerskapet, utviklinga til barnet etter det er fødd, samt faktorar kring befrukting og svangerskap som kan påverke denne utviklinga.
Studien har rekruttert nær 650 deltakarar frå 2014 til 2022.
Kvinner som planla å bli gravide
alder mellom 20 og 35 år
BMI (body mass index) mellom 18,5 og 30.
regelmessig menstruasjon (syklus på mellom 24 og 32 dagar)
ingen kronisk sjukdom eller faste medisinar
ingen røyking eller snusing
Før graviditet - registrering av kosthald, måling av høgde, vekt og muskelmasse, fysisk aktivitet før og under svangerskapet, morgonurinprøver i tida rundt eggløysing og når egget fester seg i livmora. Nokre prøver ble fryst ned for seinare undersøkingar
I svangerskapet - under sjølve svangerskapet tok vi regelmessige ultralydundersøkingar av fosteret, i tillegg til blodprøver av deg.
Etter fødsel - når barnet er fødd har vi tatt prøver frå morkaka og navlesnora. I tillegg tok vi litt spytt frå munnen, ei lita bit av naglen og nokre hårstrå frå barnet. Vi tok blodprøve av mor og far.
Elles vil vi følgje opp barnets vekt, høgde og muskelmasse fram til det er om lag 5 år gammal.
Det er frivillig å delta i Conimpreg-studien og du kan trekkje deg når som helst undervegs.
Data vi har samla inn og informasjonen som ble registrert, blir oppbevarte etter eigne retningslinjer og vil ikkje bli brukt til anna enn det som er hensikta bak studien. Resultata blir anonymiserte og kan ikkje bli knytt til den enkelte deltakar.
Alt helsepersonell involvert i Conimpregstudien har teieplikt.