Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Strålebehandling mot hovudet

Behandling

Kvar behandling tar 10 - 15 minutt. Sjølve strålinga tar ca. 1 – 5 minutt. Du får behandling kvar dag, unntatt i helgene og helgedagar. Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen påverkast av behandlinga, men er ein viktig kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.

Legekontrollar

Det blir tatt blodprøvar i løpet av behandlingsperioden. Du får time til lege her på avdelinga. Når du er hos lege kan du få svar på spørsmål angåande sjukdommen og behandlinga. Dersom du treng reseptar eller sjukemelding, er det viktig å ta det opp når du er inne hos legen. Det kan vere ein fordel om du på førehand skriv ned det du har tenkt å spørje legen om.

Røyking

Studiar har vist at røyking i samband med gjennomføring av strålebehandling gir dårlegare effekt av behandlinga. Dette har sannsynlegvis samanheng med at strålinga er avhengig av god tilgang på oksygen i vevet for å utøve effekten sin, og røyking reduserer oksygenmengda i svulsten. Det er derfor svært viktig at du unngår å røyke i dei vekene strålebehandlinga varer. Snakk eventuelt med behandlande lege.

Biverknadane av strålebehandlinga

Strålebehandlinga kan medføre biverknadar. Desse kjem gjerne etter 1-2 vekers behandling. Biverknadane gir seg oftast 2- 3 veker etter avslutta strålebehandling. Vanlege biverknadar er:

Trøttleik

Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg meir trøytt og slapp. Det er då godt å få litt ekstra søvn og kvile. Frisk luft er bra, ta gjerne ein spasertur dersom du har anledning. Det er viktig med eit variert og næringsrikt kosthald. Under strålebehandlinga er det viktig å drikke rikeleg. Kroppen treng 1,5 - 2 liter væske dagleg. Er du yrkesaktiv kan du arbeide som vanleg, viss du sjølv ønskjer det.

Håravfall  

Dette skjer kun i det bestrålte området. Håravfallet startar 1-2 veker ut i behandlinga. Dersom du ønskjer parykk, bør den bestillast tidleg i behandlingsperioden. Du får dekka utgifter til parykk eller hovudplagg etter gjeldande reglar. Du kan få rekvisisjon til parykk når du er på kontroll hos legen, eller du kan snakke med personalet på behandlingsmaskina. Moglegheita for at håret seinere vil vekse ut igjen avheng av stråledose og er derfor individuelt. Huda kan bli irritert av behandlinga. Bruk ein mild sjampo ved hårvask.

Hovudpine

Dersom du får hovudpine under behandlinga, må du gi beskjed til personalet. Det kan eventuelt vere nødvendig med medisin mot dette.

Kvalme

Enkelte kan bli kvalm og uvel av strålebehandlinga. Dersom dette blir eit problem kan du få medisin mot kvalme. Lette konsentrasjonsvanskar og dårlegare korttidsminne kan oppstå av behandlinga. Det er også ein liten auke i risiko for epilepsianfall. For å unngå desse anfalla bør du unngå stress, høge lydar, flimrande lys og alkohol.

Dersom det oppstår biverknadar eller du har andre spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina. Du kan også ta det opp med legen når du er til kontroll

Strålebehandling kan gi sår hud i det området på kroppen du får behandling. Risikoen for dette vil variere. Behandlingspersonalet vil gi nærmare informasjon om korleis det blir i ditt tilfelle. Reaksjonar i huda kan auke den første tida etter strålebehandlinga er avslutta.

I dei fleste tilfella vil huda vere heila i løpet av nokre veker.

Når du går til strålebehandling anbefaler vi at du steller huda i på følgande måte:

  • Vask av huda: forsiktig vask eller dusj, ikkje for varmt vatn og ikkje for lenge. Bruk berre vatn, eventuelt uparfymert såpe. Ikkje frottér huda, klapp ho heller tørr.
  • Får du stråling mot hovudet: bruk mild sjampo, og unngå å bruke hårfønar med høg temperatur.
  • Bruk ikkje parfymerte produkt i stråleområdet.
  • Barbering: bruk barbermaskin.
  • Unngå bruk av silikonprotese og teip i behandlingsområdet.
  • Tøy: bruk gjerne bomull nærmast huda, unngå stramt tøy. La det komme luft til strålebehandla hud ved anledning.
  • Strålebehandla hud er varig meir ømfintleg for temperatur, vind og sol. Dersom huda blir raud, tørr og irritert, kan du i samråd med behandlingspersonalet/apotek smørje tynt med ein hudkrem. Den bør være uparfymert, vatnbasert og med middels fettinnhald. Ikkje smør på hudlause område.

 

Husk:

  • Dette er generelle råd i tillegg til munnleg informasjon. Det kan vere nødvendig å gi andre råd i enkelte tilfelle.
  • Spør alltid om råd dersom det dukkar opp problem under strålebehandling. Ta gjerne kontakt sjølv etter avslutta strålebehandling, om det er noko du lurer på.
  • Følg desse råda til huda er heila etter strålebehandlinga.
  • Strålebehandla hud vil vere varig meir ømfintleg for sol enn normal hud. Bruk høg solfaktor.

 

Har du spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina. Du kan også snakke med legen ved kontrolltime.

Sist oppdatert 29.10.2024