Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

KK/Auge-seksjon i KSK

Kirurgisk serviceklinikk hjelper til med ulike former for smertelindring og narkose for alle avdelingane ved Kvinneklinikken, Augeavdelinga og Ortopedisk rehabiliteringsavdeling – i tillegg har vi døgnkontinuerlig akutt beredskap.

Operasjon Glasblokkene

Operasjon Glasblokkene er ein del av kirurgisk serviceklinikk, og er ein av 6 operasjonsavdelingar. 

I november 2023 flytta operasjonsavdelinga frå gamle Kvinneklinikken inn i nye lokalar i Glasblokkene. Operasjonsavdelinga er delt i tre etasjar. 

I U3 finn du vaskerom, lager og garderobar for tilsette. 

I U2 har vi 6 operasjonsstover. 

Operasjonsstove 1 er akuttstove for fødeavdelinga. Stove 2 nyttas til elektive keisarsnitt, samt andre augeblikkeleg hjelp inngrep frå Kvinneklinikken. Stove 3-5 nyttas til gynekologisk kirurgi. Alle disse stovene er tilrettelagt med 3D laparoskopi. Stove 6 nyttas til bryst- og endokrinkirurgi. Vi har høg beredskap for fødeavdelinga. U2 er bemanna med eige vaktteam 24/7.  

I U1 har vi også 6 operasjonsstover. To stover nyttas til barnekirurgi innan fagfelta gastro, urologi, øyre-nase-hals og plastikkirurgi. Stove 11 er planlagt til augekirurgi, kor vi bemanner stova med anestesisjukepleiere saman med eige operasjonspersonell fra Augeavdelinga. Stove 12 nyttas til ulike prosedyrar til born der det er behov for narkose.  

Operasjon Glasblokkene har en stor aktivitet utanfor operasjonsavdelinga, og bemanner anestesisjukepleiare til fleire steder i sentralblokka, f eks til radiologisk avdeling, ØNH-DKE, Medisinsk undersøking etc.

Vi er både operasjon- og anestesisjukeplaiare tilknytta avdelinga. Vi har tre seksjonsoverlegar, 1 seksjonsleiare, 2 assisterande leiare, 5 fagsyjukepleaire og ein merkantil funksjon.

Kontakt

Telefon

Kvinneklinikken anestesi

55 97 42 88

Kvinneklinikken operasjon

55 97 42 82

Kvinneklinikken postoperativ

55 97 43 50

Slik finn du fram

Augebygget

Jonas Lies vei 72

5053 Bergen

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest