Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Refusjon av bandasjemateriell

Brukarar med kroniske/ alvorlige sår kan søkje HELFO om å få dekka utgiftar til bandasje materiell.

Kva skal til for at du får dekka utgiftene?

Legen må bekrefte at:

  • Du har kroniske og alvorlige sår og fistlar – som for eksempel kreftsår, trykksår (liggesår), venøse leggsår, diabetiske sår og arteriosclerotiske sår.
  • Behovet for materiellet må vare minst tre månader i løpet av eit kalenderår.
  • Materiellet må være kjøpt på apotek eller hos bandasjist.
  • Det ikkje er heimesjukepleie som steller såra.
  • Om såra blir stelt av heimesjukepleie, er det kommunen som skal dekke utgiftene – og du kan ikkje søke HELFO om dekning av disse utgiftene.

Brukarar som får godkjent refusjon betaler eigendel (1775,- kr per 17.01.16). På beløp overstigande dette, dekker HELFO 90 % og bruker 10 %. Denne eigendelen inngår ikkje i frikortordninga for helsetenester.

Første gang du søker om slik dekning, er det vanlegvis legen som fyller ut skjemaet «Søknad om bidrag til bandasjemateriell og medisinsk forbruksmateriell» (pdf)

Dersom søknaden blir godkjent, vil du få tilsendt eit vedtak i posten frå HELFO. Dette vedtaket gjeld for eit kalenderår av gongen.

Utgiftene dine blir dekka ved at du fyller ut og sender inn skjema. «Kvitteringsskjema for utgifter som kan dekkes etter folketrygdloven» (pdf)

  • Krav om refusjon skal setjas fram innan 6 månader året etter du hadde utgifta. Dvs. innan 30. juni påfølgjande år. Det er krav til original og spesifisert kvittering.
  • Søknaden sendes det HELFO-kontor brukaren er tilknytt
  • Dersom ein ikkje er i stand til å betale eigenandel sjølv, kan det søkjast om dekning til bidrag for dette hos HELFO

For utfyllande informasjon - sjekk dine pasientrettar på helsenorge.no

Sist oppdatert 06.12.2024