Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Stomikomplikasjonar

Dei fleste lever greitt med stomien sin, men av og til kan det oppstå problem. Da er det viktig å vite kor ein kan få hjelp. Det er også viktig ikkje å vente med å søke hjelp, for da kan problema forverre seg. Dei fleste store sjukehus i Noreg har stomipoliklinikk. Der kan ein få råd og hjelp av stomi- og kontinenssjukepleiar.

Hensikt

Formålet med denne informasjonen er å vise korleis ein stomi utan komplikasjonar ser ut, og korleis det kan sjå ut ved ulike problem. Slik kan ein kjenne igjen det og søke hjelp i tide.

 

Alle foto: Anne Viola Fjelde

Normal (evertert) stomi

Ein «normal» stomi skal vere evertert, det vil seie at tarmen er vrengd tilbake på seg sjølv og sydd fast til huda.

Optimalt skal stomien vere 1–3 cm lang. Den skal ha rund eller oval fasong med opninga på midten.

Stomislimhinna (det ytre laga av stomien) skal vere heil og fuktig, og dessutan ha frisk raud farge.

Det skal vere tydeleg overgang mellom slimhinne og hud, og huda rundt stomien skal vere heil og sjå ut som huda elles på magen. Stomiinnhaldet må kunne tømme seg utan hindring.

Et rødt og hvitt bånd
Evertert (vrengt) tarm som éinløpa stomi/endestomi
Evertert (vrengt) tarm som toløpet stomi

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Evertert (vrengt) tarm som toløpa stomi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stomi
To løpet transversostomi
Et rødt hjerte på en persons hud

 

Ved stomikomplikasjonar vil stomiens utsjåande avvike frå det «normale»

Stomikomplikasjonar blir delt inn i tidlege og seine. Tidlege oppstår i nær tilknyting til «operasjonen», mens dei sene kan oppstå frå månader til år etterpå.

Tidlege stomikomplikasjonar

  • stomien har losna frå festet til huda
  • stomien og huda har skilt lag
  • delvis eller total løysing
  • overflatisk eller djup separasjon
  • kan vere illeluktande puss ved abscessdanning (betennelse)
  • kan vere smertefullt
  • heilar ofte i løpet av cirka 3 veker
  • bør bli vurdert av stomi- og kontinenssjukepleiar/lege

Separasjon mellom slimhinne og hud

Mukokutan separasjon
Mukokutan separasjon
Mukokutan separasjon
Heila mukotan separasjon

  • Stomien endrar farge, først mørk raud, så kvitleg og/eller svart.
  • ofte nedsett fukt
  • heile eller delar av stomien er ramma
  • kan vere overflatisk (oftast) eller djup
  • kan vere illeluktande
  • kan vere smertefullt
  • bør vurderast av stomi- og kontinenssjukepleiar/lege
Stominekrose
Stominekrose

 

  • stomi i eller under hudnivå
  • stomien kan ligge i ein hudfold («vollgrav stomi»)
  • problem med å få bandasjen til å slutte tette rundt stomien
  • fører til lekkasjeproblem og hudskadar

Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for å få tilpassa eigna stomiutstyr.

Innsokken/ tilbaketrektstomi (stomiretraksjon)

Stomiretraksjon

 

Seine stomikomplikasjonar

  • Hevelse ved rota til stomien. Blir større i sittande og ståande stilling.
  • tyngdesanseinntrykk
  • sjeldan smertar
  • problem med bandasjeval
  • lekkasjar på grunn av «speileggsstomi»
  • problem med å tømme tarmen kan førekomme
  • varierande effekt av irrigasjon
  • kosmetisk problem
  • problem med klede
  • Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for å få råd og rettleiing om behandling og stomibandasjering.
  • Tilpassing av brokkbind
  • Vurdere operasjon? Tilvise til kirurg.
Stomibrokk
Stomibrokk
Stomibrokk
Brokkbind for stomioperert

 

  • stomien blir større og/eller lengre
  • inga smerte
  • kan kjenne drag i hudfesta
  • vanskeleg å bandasjere
  • estetisk sjenerande
  • skremmande
  • ikkje farleg så lenge tarmen har frisk, raud farge

Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for råd og rettleiing om behandling og stomibandasjering. Tilvis til kirurg ved behov for å vurdere operasjon.

Diagram
Stomiprolaps
Diagram
Reponert stomiprolaps

  • liten stomi og/eller trong opning
  • høgt trykk på «output (tømmer seg som ei fontene)
  • forstopping/forstoppelsesdiaré
  • ubehag/smerte når avføringa skal ut
  • tarmslyngsymptom
  • ved urostomi vil det vere smerter i nyreregionen på grunn av hydronefrose (vassnyre)

Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for råd og rettleiing om behandling og stomibandasjering. Tilvis eventuelt til kirurg for vurdering av blokking/operasjon.

  • små «knottar/vorter» på stomislimhinna
  • fortjukk vev i overgangen hud/slimhinne
  • lettblødande
  • lekkasjeproblem
  • kan gi smerter, men sjeldan

Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for å få råd og rettleiing om behandling og stomibandasjering, eventuelt tilvis til kirurg for å få fjerna polyppane kirurgisk.

Granulasjonspolypper

Tiltak og behandling

Vi har valt ikkje å gi forslag til tiltak og behandling for dei omtalte stomikomplikasjonane. Det er fordi vi meiner det er best å ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for å få sett i gang rett hjelp så fort som mogleg, for å unngå ytterlegare problem/komplikasjonar.

Sist oppdatert 08.10.2024