Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Pasientkurs

Kortisolskole, primær binyrebarksvikt hos vaksne

Målet med kortisolskolen er å gi auka tryggleik og kunnskap om det å leve med binyrebarksvikt, om kortisonbehandling, og om korleis ein førebygger og behandlar akutte binyrekriser. Deltakaran sjølv øver på å blande og sette akuttmedisinen Solu-cortef.

17.
februar
2025
  1. 17. feb. 2025, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 17. feb. 2025, 09:00 - 15:00

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Medisinsk klinikk, Registeret for organspesifikke autoimmune sykdommer ROAS, Lærings- og meistringssenteret

Kvar

Lærings- og meistringssenteret
Lærings- og meistringssenteret Ulriksdal 2, 4. et. Ulriksdal helsepark

Det er behov for tilvisning frå lege for å delta.

Denne kan sendast elektronisk til Medisinsk klinikk, seksjon for hormonsjukdommar.

Merk tilvisningen med pasientopplæring.

 

Målgruppe

Kurset er for:

  • Nydiagnostiserte vaksne med primær binyrebarksvikt
  • Personar som har levd ein stund med diagnosen og som ønsker oppfriskingskurs
  • Pårørande til pasientar med primær binyrebarksvikt

 

Kostnadar

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. 

Servering

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding

Se under tilvisning.

Innlegg ved

Lege, sjukepleiar, psykolog, sosionom og brukarmedverkar.

Parkering

Det er parkering mot betaling i 1. etasje i Ulriksdal helsepark og i parkeringsanlegget til Haraldsplass diaokonale Sykehus.

Korleis er det å vere kursdeltakar

Kontakt