Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking KKF

Kompetansesenteret for klinisk forsking (KKF) har ei sentral rolle i videreutviklinga av rammene for den kliniske forskinga i Helse Vest. Senterets hovudoppgåve er å styrke forskinga både i omfang og kvalitet ved å bidra med profesjonell forskingsstøtte. Blant anna forskingsmetode og statistikk. KKF skil seg noko frå andre regionale kompetansesenter i Helse Vest, ved at verksemda ikkje er avgrensa til ei bestemt sjukdomsgruppe eller fagområde som ein spesielt ønsker å styrke.

Kompetansesenteret skal

  • stimulere til og rettleie innanfor forskinga i helseføretaka
  • bidra til kvalitetssikring av forskinga ved dei kliniske avdelingane
  • vere eit bindeledd mot dei høgskole- og universitetsbaserte forskingsmiljøa
  • skal ha initierande og koordinerande ansvar for nettverksfunksjonane i det regionale helseføretaket

Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking (KKF) tilbyr rådgiving til medisinske og helsefaglege forskingsprosjekt i Helse Vest.

Vi kan tilby:

  • Statistisk rettleiing og prosjektstøtte 

    • Biostatistikarane tilbyr rettleiing og er statistisk samarbeidspartnarar med omsyn til forsøksplanlegging, val av statistiske metodar, analyse og publisering.
    • Rettleiinga er organisert i prosjekt som startar med eit innleiiande prosjektmøte mellom forskarar og statistikarar
    • For avtale om statistisk rådgiving, send ein e-post til kkf@helse-vest.no

  • Statistisk programvare
    • Biostatistikarane tilbyr rådgiving ved val av statistisk programvare
    • For tida er følgande programpakkar tilgjengeleg: SPSS (PASW), Stata, Cytel Studio (StatXact/LogXact), R. Kontakt IKT-kundesenteret for tilgang 

  • Undervising / kurs
    • Vi tilbyr kurs og seminar i statistisk metode for større eller mindre forskingsmiljø på førespurnad

Skal du forske?

Send oss ein e-post for ein avtale om statistisk rådgiving. Vi jobbar med prosjekta på langsiktig basis og ber om at ein tar kontakt allereie i planleggingsfasen av prosjekta. Vi har dessverre ikkje kapasitet til å svare på lausrivne førespurnadar.

Hugs å legge ved ei beskriving av forskingsprosjektet ditt.

Vi minnar om at alle forskingsprosjekt skal godkjennast av Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) før oppstart, jf. helseforskingslova 1. juli 2009.

Samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta i Bergen og Stavanger har ein rådgivande funksjon i saker som gjeld forsking og utdanning.

Sjå meir på nettsidene deira

Haukeland universitetssjukehus skal styrke posisjonen som eit av dei leiande helseføretaka innan forsking og innovasjon for å sikre: 

  • Trygge og nære sjukehustenester 
  • Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk 
  • Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon 

Sjå delplan for forsking og innovasjon 2023-2026 i Helse Bergen

Forskningshandboka (8. utgåve i 2019) er laga for å gje tips og rettleiing til sjukehuspersonell, helsefaglege og biomedisinske forskarar som har ein idé det ønsker å omsette i eit forskingsprosjekt med høg kvalitet.

Mange av tipsa er basert på forfattaranes eigne erfaringar innan både basalforsking og klinisk forsking ved sjukehus.

Boka kan tilpassast den enkelte klinikk, sjukehus og forskingsinstitusjon, og gjer i denne versjonen ofte lokale tips frå Oslo universitetssykehus og Haukeland universitetssjukehus.  


Forskingshandboka

Kompetansesenteret skal bidra til at føretaka i Helse Vest oppnår sitt forskingsstrategiske mål ved å synleggjere og betre rammene for forsking som ein integrert del av den kliniske verksemda, og gi rettleiing til kliniske forskarar i Helse Vest.

Kontakt