Musikkterapi ved Barne- og ungdomsklinikken
Her handlar det ofte om å fokusere på ressursane til kvart enkelt barn, trass i sjukehusopphaldet. Dette inneber at musikkterapitimane blir lagt til rette for kvar enkelt sin situasjon og behov, med tanke på både fokus, arbeidsformer og instrument.

Fokus og problemstillingar for musikkterapitimane kan mellom anna vere deltaking, meistring, anerkjenning, glede, smertemeistring, bearbeiding, tilknyting, relasjon, grunnleggande kommunikasjon, konsentrasjon, identitet og kroppsbevisstheit.

Musikkterapitilbodet varierer frå individuelle timar på rom eller musikkrom, til planlagde eller improviserte grupper, og arbeidsformene for timane varierer då også ut frå dette.

Eksempel på arbeidsformer er improvisasjon, song, samspel av preferansebasert musikk, lytting til musikk, bandsamspel og songskriving.
andre tilbod
Sist oppdatert 20.03.2023