Synstelefonen
Synstelefonen er ei teneste der du kan ringe inn med spørsmål om syn, augeplager eller synsrehabilitering, og få råd og anbefalingar. Har du spørsmål på eigne vegne, eller er pårørande, kan du bruke tilbodet. Synstelefonen er open frå 6.mars 2025.
![Poortrett av sjukepleiar Anette Særvold](/4aa726/contentassets/69288d07cde54bba8daf3b50734e6c0f/anette-oye-1_lo.jpg?width=2400&height=1600.8000000000002&quality=80&format=webp)
Erfaren sjukepleiar frå Augeavdelinga, svarer telefonen torsdagar frå 09:00 til 11:45 og frå 12:30 til 15:00
Telefonnummeret er 55 97 80 80 og linja er åpen torsdagar kl 09:00-11:45 og kl 12:30-15:00
Synstelefonen er ei teneste der du kan ringe inn med spørsmål om syn, augeplager eller synsrehabilitering, og få råd og anbefalingar.
Synstelefonen er eit samarbeid mellom Norges Blindeforbund, Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, Roche Norge AS og Bayer AS og er eit lågterskeltilbod til heile den norske befolkninga.
Tips gjerne pasientar om denne moglegheita!
Synstelefonen er finansiert av Norges Blindeforbund sitt forskingsfond, Roche Norge AS og Bayer AS.
OBS! Når ein ringer Synstelefonen blir det registrert anonyme opplysningar for å betre tenesta. Ingen opplysningar kan knyttast til innringar.
Sist oppdatert 31.01.2025