Det er lurt å gjere seg kjent før sjølve fødselen tek til. Ta gjerne ein tur til Glasblokkene, eller les informasjonen og sjå filmane under (under arbeid).
Kjem du med bil?
Når du skal inn og føde, kan de nytte dei reserverte parkeiringsplassane i U2. det er skilta til Glasblokkene, til venste opp Haukelandsbakken og inn i parkeringshuset. Dersom det haster og du får beskjed om det når du ringer inn, skal du nytte ambulanseinngangen. Innkjøring er frå Haukelandsbakken, før ein tar til høgre og følger skilta til amulanseinngangen.
Ambulanseinngangen skal kun nyttas som avstigingsplass. Den fødande kan slippast av ved inngangen til mottaket, før bilføraren må køyre vidare inn på parkeringsdekket. På parkeringsdekket er det reservert 6 plassar for fødande.
Det er omlag 45 parkeringsplasser totalt i parkeringsdekket i U1, andre enn dei reseverte kan også nyttast dersom det er ledig.
Du skal gå inn inngangen til underetasjen (U1) i blokk 5. Du har fått beskjed om kva fødeavdeling / etasje du skal til. Heisen til fødeavdelingane i blokk 5 er godt merka, og ligg rett innanfor inngangsdøra på venste side.
Dersom døra er låst må du nytte porttelefonen. Då får du kontakt med fødeavdelinga der du skal møte.

Føde- og barselavdelinga ligg i fleire etasjar i blokk 5 i Glasblokkene. Her står familien foran heisen som tar deg til dei ulike fødeavdelingane.
Kjem du med drosje skal ambulanseinngangen også nyttast.
- Film som viser vegen inn er under utarbeiding
Kjem du med bybane eller buss?
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar nokre minutt å gå frå stoppet. Haukelandsbakken og til Glasblokkene.
Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
Line 12 har avgang frå Bystasjonen
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
- Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
- Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
- Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Det vil være skilta frå stoppa til Glasblokkene.
- Film som viser vegen inn er under utarbeiding (kjem i august)