Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Teknologi som fremmer pasienten sin eigenomsorg

Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling samla nærare 150 engasjerte ressurspersonar til årleg fagdag i Bikuben 14. november. Ressurspersonane er sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar frå sjukehus og kommunar i Helse Bergen føretaksområde. Tema for dagen var ny teknologi, nye metodar og nye løysingar som fremmar eigenomsorg hjå pasienten.

Publisert 20.11.2024
Sist oppdatert 22.11.2024
To personer som holder en presentasjon for en gruppe mennesker

Dagen starta med innlegg om bruk av velferdsteknologi til personar i palliativ fase ved professor Simen Alexander Steindal, før vi fekk eit sterkt møte med Vivian Brosvik, som delte sine erfaringar med å leve med ALS, og korleis ressursar og teknologi spiller ei viktig rolle i kvardagen. Vi fekk også eit innblikk i Omsorg + prosjektet i Osterøy kommune og tverrfagleg oppfølging i praksis frå Askøy kommune.

Etter lunsj fekk deltakarane reflektere rundt etiske utfordringar knytt til velferdsteknologi saman med professor emerita Herdis Alvsvåg.

Årleg fagdag er ein verdifull arena for erfaringsdeling, ny kunnskap og nettverksbygging for ressurspersonane i Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling.

www.pallnet.no kan ein finne kontaktinfo til alle ressurspersonar i nettverka i Helseregion Vest.

 

Ann-Kristin Øren
fagutviklingssjukepleiar, leiar for sjukepleiarnettverket
Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest

 

En gruppe mennesker som sitter ved bord i konferansesal
Tre kvinner som sitter ved et bord med skilt