HELSENORGE

Pårørande ønsker meir informasjon om livets sluttfase

Ein artikkel med resultat frå det internasjonale CODE-prosjektet, «Pårørande si vurdering av omsorga til døyande kreftpasientar i sjukehus», er nå publisert. Resultata syner at dei pårørande var godt nøgde med pleia til den døyande og støtta dei sjølve fekk, men behova for informasjon vart ikkje tilfredsstilte. Dette var eit felles resultat for alle dei sju landa i studien. 

Sju sjukehus i Noreg deltok i prosjektet, fem av desse i Helse Vest. 
Artikkelen er publisert på nettsida til tidsskriftet The Oncologist.
  
I CODE-prosjektet vart resultata frå spørjeundersøkinga til etterlatne nytta til konkrete forbetringar i tilbodet til døyande pasientar og deira pårørande. Erfaringar frå desse forbetringsprosjekta er samla i eit nyttig, lettlese hefte. Les og bli inspirert!​