Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sekundærobservasjon

Målsetjing

  • Lette skildring av symptom, gi felles referanseramme i kommunikasjon og rapportering av pasientane sin tilstand.
  • Forenkle og standardisere dokumentasjonen for den enkelte pasient.
  • Oppnå best muleg symptomlindring for pasientane.
  • Kvalitetssikring for arbeidet med den enkelte pasient og for arbeidet ved eininga som heilskap.
  • Oppøving i systematisk registrering som eventuell førebuing til forsking.

Registreringa byggjer på sekundær observasjon frå personalet eller familien
Dette skjemaet blir fylt ut to gonger dagleg når pasienten er for dårleg til å fylle ut eller medverke til intervju på grunn av medvitsnivå, allmennstilstand, kognitiv evne eller generelt stress.

Det blir sett eit kryss på kvar linje. Den venstre enden av linja skildrar uproblematisk situasjon og høgre enden av linja skildrar verst tenkeleg tilstand.

Nærmare forklaring og bruk av omgrepa


Allmenntilstand
Slappheit, trøttleik, svakheit, behov for kvile, sengeleie.
WHO/ECOG-status:
0 = Normal aktivitet 
1 = Begrensing ved fysisk aktivitet. 
      Oppegåande, kan gjere lett arbeid
2 = Oppe > 50% av dagtid. Sjølvhjelpen, kan ikkje arbeide 
3 = I seng eller stol > 50% av dagtid. Noko hjelpetrengande 
4 = Heilt sengeliggande. Heilt hjelpetrengande

Pustebesvær
Dyspne, tungpust, besvær ved respirasjon, overflatisk respirasjon, forhøga respirasjonsevne, cyanose. 
Pustebesvær begynner ofte ved anstrenging, pustebesvær i kvile er oftast teikn på auka grad av besvær.
"Dødsralling" blir ikkje registrert viss det ikkje er tydeleg subjektivt ubehag for pasienten.
Hoste er ikkje rekna som eit problem her.

Matinntak og drikke 
"Normalt" tilsvarer matinntak hos frisk person, det vil seie fire hovudmåltid (frukost, lunsj, middag, kvelds)

  •  Brødmåltid: 2 (1½ - 3) skiver brød
  • Middag: 2-3 poteter/grønsaker og 1-2 stykke kjøtt/fisk
  • Tre glas mjølk, eitt glas juice og frukt pr. døgn

Medvitsnivå
Grad av vaken, trøytt, sedasjon.

  • vaken
  • litt trøytt
  • trøytt, lett å vekke
  • vanskeleg å vekke
  • bevisstlaus, ikkje muleg å få kontakt med

Orientering og kognitiv funksjon 

  • Orientert for tid / stad / situasjon
  • Kognitiv funksjon: Merksemd, hukommelse (nær-, fjernhukommelse), dømmekraft, vurderingsevne, logikk
  • Konfusjon: vrangforestillingar, forvirring

Motorisk uro/ro
Uavhengig av om det er psykisk eller fysisk årsak til uro.

Ansiktsuttrykk
Korleis det verker som pasienten har det ut frå ansiktsuttrykk/mimikk. 
Fredfylt / ikkje fredfylt.
Inntrykk av om pasienten verkar plaga.

Kven har fylt ut skjemaet
H = Helsepersonell
P = Pårørande

Sist oppdatert 05.08.2020