Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest deltok i ein stor, internasjonal studie om omsorga for døyande under covid-19-pandemien. Helsepersonell og pårørande som hadde erfart dødsfall hos ein vaksen person våren 2020, vart inviterte til å svare på eit anonymt, nettbasert spørjeskjema.
Nå er resultata frå dei pårørande publiserte i Sykepleien Forskning. Artikkelen gir nyttige innspel med tanke på liknande situasjonar i framtida.