Om kompetansesenteret

Kompetansesenter for lindrande behandling skal fremme palliasjon i heile Helseregion Vest ved å styrke kompetanse bygd på eit heilskapleg menneskesyn og gode fagkunnskapar.

Dette skal skje gjennom å

  • fremme klinisk arbeid i palliasjon på alle nivå
  • fremme forsking og fagutvikling
  • fremme organiseringa av eit heilskapleg tenestetilbod  
  • fremme etisk refleksjon
  • auke kunnskapen om palliasjon i befolkninga generelt

Arbeidet skal vere prega av kompetanse, samarbeid, respekt og engasjement.

Kompetansesenteret skal arbeide for å styrke kompetansen i grunnleggande palliasjon generelt i helsetenesta. Senteret har eit særleg ansvar for å styrke kompetansen hos helsearbeidarar som arbeider spesifikt med palliasjon i heile eller delar av stillinga si.

Palliasjon til pasientar som ikkje har kreft, skal vere basert på pasienten sine behov og skje i tett samarbeid med kollegaer frå det aktuelle fagområdet.

Kva kan vi brukast til?

  • Oversikt over kva som skjer innan lindrande behandling i Helseregion vest
  • Informasjon om aktuelle institusjonar og tiltak i regionen
  • Bistand til planarbeid
  • Oversikt over kurs og utdanningstilbod innan lindrande behandling
  • Informasjon om aktuelle forskings- og fagutviklingsprosjekt
  • Informasjon om lindrande behandling nasjonalt og internasjonalt
  • Kontaktar i Helseregion Vest, nasjonalt og internasjonalt 

Målgruppe for palliasjon

Ca 95% av pasientane på palliative einingar i sjukehus er i dag kreftpasientar. Også i kommunehelsetenesta dominerer denne gruppa de palliative pasientane. Men fagområdet har dei seinare åra blitt utvida også til andre pasientar med alvorleg, livstruande sjukdom, t.d. nevrologiske sjukdommar, kronisk lungesjukdom og hjartesvikt.

I nokre anbefalingar er den palliative pasientpopulasjonen avgrensa til pasientar med antatt forventa levetid mindre enn 9-12 månader. I realiteten er den palliative fasen ein prosess som startar når det vert erkjent at sjukdommen ikkje kan lækjast, og vert avslutta når pasienten døyr. Palliasjon inkluderer og sorgarbeid og oppfølging av etterlatne.

Alle nivå i helsetenesta tar hand om døyande pasientar og pasientar i palliativ fase, og alt helsepersonell må derfor kjenne til grunnleggande palliasjon.

Dokumenter

Brosjyre KLB Årsrapport for 2016, fullversjon (pdf) Årsrapport for 2016, kortversjon (pdf) Strategidokument 2013-2017 (pdf) Jubileumshefte 2010 Palliasjon i Vest Evaluering av regionale kompetansesentre Helse Vest RHF, november 2013 (pdf)

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.