Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Micrel MP mlh+

Micrel MP mlh+ brukest til subkutan behandling og stillest inn med ml per time. Nedanfor finn du rutine, prosedyre og Micrel brukaropplæring med film - Vingmed.

Rutine for br​uk av sprøytepumpe Micrel MP mlh+​

Kontrollskjema ved bruk av sprøytepumpe Micrel MP mlh+ (pdf)

Prosedyre for utlån av sprøytepumpe i Helse Bergen føretaksområde(pdf)

I Helse Bergen bruker vi Micrel MP ml/h+ pumpe til subkutan (sc) infusjon. 
Vi har rutine for å bruke og fylle opp anten 10 ml eller 20 ml sprøyter, etter behov. Medikamenta vert doserte per 24 timar. Hastigheita på infusjonen vil då vere 0,4 ml per time (10 ml sprøyte) eller 0,8 ml per time (20 ml sprøyte).

Ekstradosar vert ikkje gitte som bolus i pumpa, men via ekstra sc nål eller peroralt.

Viss det er behov for å gjere endringar under pågåande infusjon, må pumpa verte kopla frå pasienten.

Ved doseendring endrar vi ikkje hastigheita på pumpa, men lagar til ei ny sprøyte med den nye doseringa.

Det er berre autorisert helsepersonell som administrerer medikament i pumpa.  

På grunn av problem med link til VingMed si brukaropplæring har vi republisert tidlegare undervisningsfilm om Micrel MP mlh+. Vi gjer merksam på at Helse Bergen for tida nytter BD-sprøyter og at ordinasjonar og dokumentasjon av kontroll nokre stader vert gjort i elektronisk kurve.

 Handtering av Micrel MP mlh+ sprøytepumpe on Vimeo

Sist oppdatert 19.03.2024