Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medikamentskrin barn

Medikamentskrin for barn er laga etter mal frå medikamentskrinet for voksne og er tilpassa bruk til barn. Skrinet er utarbeidd av ei tverrfagleg gruppe med representantar frå Seksjon smertebehandling og palliasjon, Kirurgisk serviceklinikk, HUS og Barneklinikken, HUS, samt KLB og Sjukehusapoteket i Bergen.

Skrinet inneheld fire legemiddel  

  • glykopyrron
  • ondansetron
  • midazolam
  • morfin
  • og utstyr til å sette desse subkutant


Rekvirering av medikamentskrinet

Skrinet må rekvirerast av lege til den enkelte pasient. Skrinet kan rekvirerast på telefon (som vanleg telefonresept) frå Sjukehusapoteket i Bergen, telefon 55 97 53 44 (val 1). 

Bruk av medikamentskrinet

Legen er ansvarleg for forsvarleg bruk av skrinet, eventuelt i samarbeid med heimesjukepleien. Hjelp til ordinasjon finst her: 


I skrinet ligg også Retningslinjer og overvåkningsskjema (pdf) for smertebehandling og sedasjon av barn (1 mnd-16 år) og eit knippe smertevurderingsverktøy. Desse skal brukast i lag med behandlingsalgoritmen for smerte.

Subkutan administrasjon av medikamenta er trygt og enkelt: 
Rettleiing til anlegging av fastliggande subkutan kanyle (pdf)

Til ordinasjon av medikament ved lege og dokumentasjon av gitte dosar ved sjukepleiar kan skjemaet medikamentkurve brukast (pdf). 
 
Det er laga eit lite hefte om legemidla som er omtalt i behandlingsalgoritmane, Aktuelle legemidler (pdf). Heftet er meint til oppslag om dei enkelte legemidla, her er det fleire opplysningar både om bruksområde, doseringer til barn og bivirkingar. 

Opplysningane er henta frå både godkjente preparatomtalar og frå oppslagsverk som BNF for Children og Palliative Care Formulary. 
 

Etter dødsfallet

Legen (eventuelt sjukepleiar) bedt om å svare på nokre spørsmål om bruken av skrinet og sende evalueringsskjemaet (pdf) i vedlagte konvolutt til BKB, Haukeland universitetssjukehus, v/farmasøyt Margrete Einen. Dette vil vere eit viktig ledd i kvalitetssikringa av tilbodet.  

 

Nyttig

Fullstendig liste over innhald i medikamentskrinet (pdf)

Kort bruksrettleiing til skrinet (pdf)

Sist oppdatert 23.01.2024