Det har vore mangel på Ketalar 50 mg/ml injeksjonsvæske i hetteglas frå Pfizer ei god stund. Det finst eit alternativ: Ketamin 50 mg/ml injeksjonsvæske i ampullar frå Abcur. Men for bruk i smerteblandingar kan dette by på problem, Ketalar er førehandsgodkjent på blåresept – det er ikkje Ketamin frå Abcur. Det er framleis mogeleg å skrive reseptar på ketamin i smerteblanding, men det må sendast søknad om stønad etter §3 for Ketamin Abcur.
Det er viktig at det framgår av søknaden at Ketamin Abcur skal brukast i smerteblanding (i til dømes sprøytepumpe) og kor tillaginga av blandinga skal skje – og spesifisere at det ikkje skjer i apotek. Dersom blandinga blir laga i apotek, trengs ikkje søknad etter §3 – slike apotekframstilte preparat har førehandsgodkjent refusjon, meir om dette finn de på Legemiddelverket sine sider.
Legemiddelverket arbeider med Ketalar-mangelen og vil oppdatere sidene etter kvart med omsyn til både tilgjengelege ketamin-preparat og med opplysningar om refusjon på blåresept, forhåpentlegvis med opplysningar slik at ein unngår å måtte søkje om refusjon. Dette er ikkje avklart enno.
Kjelder:
• Personleg kommunikasjon med sakbehandlar hos Helfo
• Informasjon om mangel av Ketalar på Legemiddelverket sine sider: https://legemiddelverket.no/legemiddelmangel/legemiddelmangel-og-avregistreringer-rad-til-apotek-og-helsepersonell-inneverende-ar (søk på Ketamin)
• Informasjon om smertekassettar og andre apotekframstilte preparat frå Legemiddelverket ligg her: https://legemiddelverket.no/offentlig-finansiering/refusjonslisten-refusjonssok