Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lindring av tung pust - fire nye, korte filmar

Strev med pusten kan vere krevjande å lindre. Nå er det laga fire korte filmar om lindring av kronisk, refraktær dyspne.

Publisert 15.05.2020
Sist oppdatert 23.01.2024

​Handtering av kronisk, alvorleg dyspne krev ei tverrfagleg tilnærming med både medikamentelle og ikkje-medikamentelle tiltak. Ei gruppe med fysioterapeut, sjukepleiar og legar frå Haraldsplass Diakonale sykehus, Palliativt team ved Haukeland universitetssjukehus og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest har saman laga fire korte filmar om lindring av tung pust. Filmen om kartlegging er mest retta mot kronisk, refraktær dyspne, mens filmane om stell og lindrande tiltak kan vere aktuelle ved all palliativ behandling av dyspne, uavhengig av underliggande sjukdom.

Link til filmaneTilsette ved føretak i Helse Vest vert anbefalt å sjå filmane/ta kurset via Læringsportalen, for å få det registrert i sin kompetanseportal.
Bruk nettlesar Edge eller Chrome, ikkje Explorer.