Knuse-/delelisten frå OUS
OUS har gjort «Knuse-/delelisten» tilgjengeleg for alle, med opplysningar om over 800 ulike preparat med omsyn til denne tematikken. Denne lista finn du her. Det hender at denne lenga ikkje verkar, då kan du finne versjon 9 (mai 2020) av lista her.
For å kunne bruke opplysningane i «Knuse-/delelisten» på rett måte, er det viktig å vere kjent med OUS-retningslinja «Tabletter og kapsler – deling, åpning og knusing (inkl. knuse-/delelisten)». Retningslinja finn du her.
Gode råd og tips om knusing og deling
- undersøke om andre administrasjonsformer kan brukast, som mikstur*, dropar, smelte- eller brusetablettar
- bruk hjelpemiddel om mulig, som tablettdelar og/eller -knusar
- tablett- og kapselpulver smakar vanlegvis vondt
- tablettar og kapslar kan vere vare for lys og fukt, knusing og deling bør gjerast rett før administrering
- delestrek/delekors er til hjelp ved svelging, ikkje for å gi delar av tabletten. Dei ulike delane av tabletten kan i teorien innehalde ulike mengder legemiddel
Knusing, deling eller opning kan påverke opptak av legemiddelet, med risiko for endra effekt av legemiddelet. Dette er spesielt viktig for legemiddel med smalt terapeutisk område (som warfarin og digoksin) og for nokre blodtrykksenkande legemiddel vil raskare opptak gi større blodtrykksfall. I «Knuse-/ delelisten» er dette merka med «Kan om nødvendig deles eller knuses».
*Det er laga ei oversikt over tilgjengeleg miksturar, som også inkluderer apotekproduserte og importerte miksturar. Oversikta ligg her.
Tips og råd er henta frå OUS-retningslinja «Tabletter og kapsler – deling, åpnnig og knusing (inkl. knuse-/delelisten)».
Legemiddel i sonde?
- Første val er miksturar eller oppløyselege tablettar / brusetablettar / smeltetablettar
- Ved behov for å gi knuste tablettar eller kapsle innhald – sjå flytskjema, samt «Knuse-/delelisten»
- Risiko for tetting av sonden ved bruk av viskøse væsker og legemiddel i fast form som er oppslemma i væske. Risikoen aukar med tynnare sondar
- Skylling etter legemiddel er viktig
- Sondeernæring og legemiddel skal som hovudregel ikkje blandast
- I nokre tilfelle kan intravenøse formuleringar brukast peroralt, ta kontakt med sjukehusapotek for råd om dette
Desse tipsa er henta frå OUS-retningslinja «Legemidler i sonde» som du finn her.
Lenker til retningslinjer
OUS retningslinjeAlternativ lenke når eHåndboken til OUS ikkje er tilgjengeleg
Knuse-/delelistenAlternativ lenke når eHåndboken til OUS ikkje er tilgjengeleg
Legemidler i sondeAlternativ lenke når eHåndboken til OUS ikkje er tilgjengeleg
https://helsenorge.no/legemidler/hva-bestar-medisiner-av