Identifisering av den palliative pasienten

Ville du blitt overraska dersom pasienten døydde i løpet av det neste året (12 månader)? Dette såkalla overraskingsspørsmålet vert brukt i den nyleg oppdaterte versjonen av verktøyet «Identifisering av den palliative pasienten». 

For å kunne tilby pasientar med alvorleg, langtkomen sjukdom god lindrande behandling, er det ein føresetnad at vi som helsepersonell veit kven den palliative pasienten er. Først når den palliative pasienten er identifisert, kan vi vurdere ei palliativ tilnærming. Dette verktøyet er utarbeidd av Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB), basert på  Surprise Question, Gold Standards Framework Proactive Identification Guidance (GSF-PIG) og Supportive and Palliative Care Indicators Tool (SPICT).