Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fin markering av Verdsdagen for lindrande behandling

Bergen markerte Verdsdagen for lindrande behandling den 17. oktober med stand i Sentralblokken, Haukeland universitetssjukehus og med appellar, musikk og fakkeltog på Festplassen i Bergen sentrum.

Publisert 29.10.2024

Kjersti Solvåg og Ann-Kristin Øren frå Kompetansesenter i lindrande behandling markerte dagen med stand i foajeen i Sentralblokken på Haukeland.

Korleis kan vi som samfunn bli betre til å ta vare på dei som har ein vanskeleg livssituasjon? I år blei dette reflektert gjennom «Compassionate communities» eller som vi har valt å omsetje det til på norsk: «Nærmiljø som bryr seg». Med denne tittelen ville vi oppfordre oss alle til å bli ein nabo som bryr seg og som deltek i å skape eit varmare samfunn, der ingen skal kjenne seg einsame.

Amalie på 17 år fortale om dei små tinga som kan gjere ein stor forskjell når ein prøver å leve så normalt som mogeleg med ei veslesøster som er alvorleg sjuk. Vener, læraren, naboen og handballtrenaren som forstår og som bidreg til å oppretthalde ein tilnærma normal kvardag.

Byrådsleiar Christine Meyer understreka også verdien av eit nærmiljø som bryr seg, og fortalde korleis familie og vener var dei viktigaste i livet til ektefellen Victor Norman, i tida før han døydde. Ho sa også at takka vere dei, kunne ho sjølv gå på jobb.

Geir Vangsnes, regionsleiar Kreftforeningen Vestland informerte om den organsierte frivilligheita, mens Sebastian von Hofacker, lege og fagleg leiar for Verdighetsenteret i Bergen sette søkjelys på verdien av å utvikle og tilrettelegge for eit nærmiljø som bryr seg, eit «Compassionate community».

Arrangementet på Festplassen vart leia av Ann-Kristin Øren frå Kompetansesenter i lindrande behandling og flott ramma inn med musikk av Endre Olsen, ein folkekjær musikar frå Stord.

Ansvarlege for Bergens-markeringa i år var Kreftforeningen, Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest, Verdighetsenteret og VID vitenskapelige høgskole.

Verdensdagen for lindrende behandling: Amalie Nilsen prøver leve så normalt som mulig