Avslutta prosjekt
Prosjekt som er avslutta etter 2019
Askvoll kommune
Felles faglig plattform i kreftomsorg og lindrande behandling i Askvoll kommune.
Mål for prosjektet var innføring av Palliativ plan for å sikre felles fagleg rutine kring den palliative pasient og pårørandesamarbeid, i tillegg til å auke kompetanse og styrke samhandling.
Avslutta i 2021.
Kontakt: Camilla Norstrand, telefon 57 73 45 00
Bergen kommune
Kommunalt palliativt team
Kommunen har forankra og implementert Kommunalt palliativt team. Teamet skal vere til hjelp for kommunalt helsepersonell i arbeid med pasientar med behov for lindrande behandling. Hovudstrategien er førebyggjande og kompetansehevande arbeid der målet er å leggje til rette for mest mogeleg heimetid. Palliativ kartleggings- og behandlingsplan er implementert. Teamet er no i drift.
Prosjektperiode: 2021-2023
Kontakt: Beate Kosinski, telefon: 988 59 764
Bergen kommune
Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester
Opplæringspakke Lindrende behandling og omsorg – ny mentoropplæring.
Prosjektet har gjort ny digital opplæringspakke for mentorar tilgjengeleg for alle dei 17 kommunane i USHT Vestland sitt nedslagsfelt. Mentorar frå nye kommunar er rekrutterte. Nettverk av mentorar er opprettholdt.
Avslutta i 2023
Kontakt: Olaug Lee Aasgard, telefon: 99695913
Bømlo kommune
Prosjekt palliasjon – del 2 har arbeidd for gode pasientforløp innan palliativ behandling i samarbeidskommunane Stord, Fitjar og Bømlo. Med utgangspunkt i lindrande senger ved interkommunal døgnavdeling har prosjektet styrkt allereie etablerte nettverk med kompetanseheving og erfaringsutveksling. I tillegg er det etablert eit interkommunalt palliativt team (IKPT). Samhandling, kompetanseheving og implementering av prosedyrar var særleg i fokus siste prosjektåret. Prosjektperiode 2,5 år (2020-2023)
Kontakt: Mona Yvonne Espeland, telefon: 534 23 302 / 901 44 740
Eigersund kommune
«Bedre lindring til flere i Eigersund kommune. Alle vet hva de skal gjøre, når og hvordan – og gjør det.»
Prosjektet handla om systematisk kompetanseheving for tilsette i kommunen gjennom fagdagar, refleksjonsgrupper og undervisning. Opplæring via digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg har vore ein viktig del av prosjektet.
Avslutta i 2023
Prosjektet handla om systematisk kompetanseheving for tilsette i kommunen gjennom fagdagar, refleksjonsgrupper og undervisning. Opplæring via digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg har vore ein viktig del av prosjektet.
Avslutta i 2023
Fjaler kommune
Digital opplæringspakke i lindrende behandling og omsorg ved livets slutt.
Kompetanseheving for tilsette i kommunen gjennom arbeid i ressursgruppe, undervising og fagdagar. Hovudmålet i prosjektet var at brukarar og deira pårørande skal få betre oppfølging i tenesta.
Avslutta i 2021.
Kontakt: Kjersti Valvik, teleforn 577 38 129
Fjaler kommune
Digital opplæringspakke med fokus på miljøtenesta. Kommunen har vidareført bruk av digital opplæringspakke til fleire tilsette i helse og omsorg. Tilsette i miljøtenesta er også inkludert i den digitale opplæringspakka, slik at brukarar der kan bu heime lengst mogeleg. Avslutta i 2023.
Kontakt: Charlotte Bjorvik, telefon: 57 73 81 53
Gloppen kommune
Implementering av Livets siste dagar og Palliativ plan i Gloppen kommune.
Prosjektet skal styrke kvaliteten i tilbodet og gje kompetanseheving hos tenesteytarane, gjennom implementering av tiltakspakka Livets siste dagar i institusjon og heimeteneste. I tillegg skal ein tilpasse og implementere palliativ plan i kommunen.
Prosjektperiode: 2022-2023
Kontakt: Svanhild Liseth Solheim, telefon: 924 41 199
Haugesund kommune, Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester
Digital opplæringspakke i lindrende behandling og omsorg ved livets slutt. Kompetanseheving gjennom å informere, rekruttere og følgje opp kommunar i USHT Helse Fonna sitt område som vil starte med digital opplæringspakke, ny digital mentoropplæring og refleksjonsgrupper.
Prosjektperiode: 2023
Kontakt: Ida Elisabeth Gaard, telefon: 41 63 11 94
Hå kommune
Klart og avklart - plan til palliative pasientar som skal gje auka tryggleik for pasient, pårørande og personal.
Prosjektet starta i 2019 og består av implementering av Palliativ plan og førebuande samtale i alle avdelingar i heimeteneste og sjukeheim. I 2021 har også andre aktuelle tenesteområde blitt innlemma før prosjektslutt.
Kontakt: Grete Waldeland, telefon 415 32 720
Karmøy kommune
"Lindrende behandling og omsorg ved livets slutt i Karmøy kommune 2019-2020"
Målet med prosjektet var at pasientar i Karmøy kommune, og deira pårørande, skulle få tilbod om god, lindrande behandling. Kommunen arbeida med å spreie kompetanse innan lindrande behandling både på lege- og pleienivå. Prosjektet arbeidde også med gode rutinar for pasientforløp, kompetanseheving innan barnepalliasjon, og born som pårørande. Prosjektet avslutta i 2020.
Kontakt: Hilde Håland, telefon 528 10 131 / 468 45 048
Kvam
"Lindring i Kvam"
Ei kommunal ressursgruppe innan lindrande behandling har blitt oppretta gjennom dette prosjektet. Gruppa bistår helsevesen og pasient/pårørande med ulike utfordringar knytt til alvorleg sjukdom når pasienten er i kommunen. Gjennom kompetanseheving har ein arbeidd for saumlause overgangar mellom tenestene. Prosjektet avslutta i 2020.
Kontakt: Margrete Berge, telefon 906 79 853 / 414 70 953
Kvinnherad kommune
Opplæringspakke til helsepersonell i arbeid med palliasjon.
Kvinnherad kommune ynskjer å opprette, etablere og gjennomføre ein standard opplæringspakke til tilsette som arbeider med palliasjon. Opplæringspakken skal inkludere erfaringsdeling og nettverksbygging. Målet er å sikre at behandling, pleie og omsorg for pasientar held så god standard som mogeleg. Eittårig prosjekt, 2021.
Kontakt: Mona Enes, telefon: 906 94 791
Naustdal kommune
"Felles fagleg plattform i kreftomsorg og lindrande behandling 2018-2020"
Målsettinga med prosjektet er innføring av Livets siste dagar i sjukeheimen og heimetenesta i kommunen, med nødvendig opplæring.
Kontaktperson: Wenche-Lin Hess, ressurssjukepleiar, telefon 57 81 62 14
Sandnes
"Kunnskap gir trygghet - et kompetansehevende prosjekt i palliasjon"
Eit undervisingsprogram vart utvikla gjennom pilotprosjekt i 2019 ved Åse Bo og aktivitetssenter. Dette undervisingsprogrammet skulle i 2020 bli gjennomført på dei andre 9 sjukeheimane i kommunen, med mål om auka livskvalitet for pasientar og pårørande gjennom at tilsette blei tryggare i si utføring av palliasjon. Undervisinga blei omgjort til digital på grunn av pandemisituasjonen. Den vart lagt på kommunen sitt digitale kompetansesystem og er tilgjengeleg for fleire. Prosjektet vart avslutta i 2020.
Kontakt: Evy Bue Fadnes, telefon 958 84 359
Stad
"Oppfølging og kvalitetssikring av pasientforløp NORPAL i Sogn og Fjordane".
Eit prosjekt der ein arbeidde for å få til felles retningslinjer for gode overgangar i helsetenesta, samt tryggleik for både helsepersonell som jobbar innan palliasjon og for pasientar og pårørande i heile det palliative forløpet. Prosjektet avslutta i 2020.
Kontakt: Susanne Sollid, telefon 450 03 354 / 468 02 523
Sunnfjord kommune
Palliasjon til sårbare eldre i sjukeheim.
Kommunen har utvikla og innført undervisingsopplegg for tilsette, brukarar og pårørande. Målet var å undervise om palliasjon og omsorg ved slutten av livet for sårbare eldre, og for personar med demens spesielt. For 2021 har dei undervist ved ei eining i kommunen.
Kontakt: Berit Helen Ullebust, telefon: 576 12 818
Ullensvang kommune
Rett kompetanse på rett sted til rett tid. Prosjekt lindrande behandling Ullensvang kommune 2018-2022 (Odda kommune fram til 01.01.2020).
Kompetanseheving gjennom internundervisning og fagdagar, tverrfagleg samarbeid og Digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Hovudmål for prosjektet var at alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande kjenner tryggleik og får god omsorg og pleie ved livets slutt.
Avslutta i 2022
Kontakt: Hege Lyssand, kreftkoordinator, telefon 975 58 544
Ulvik herad
Kompetanseheving og forankring - Palliasjonsteamet til Ulvik herad
Prosjektet skal jobbe med forankring av arbeidet til den palliative ressursgruppa i Ulvik herad. Samtidig skal ein drive kompetanseheving internt i gruppa, på sjukeheimen og i heimetenesta.
Prosjektperiode: 2022-2023
Kontakt: Kristin Røen Fauske, telefon: 400 07 189
Vindafjord kommune
Prosjekt palliasjon i Vindafjord kommune. Dette var eit treårig prosjekt med mål om å styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, uavhengig av diagnose. Kompetanseheving gjennom fagdagar og Digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Det var også fokus på samhandling, og implementering av nye rutinar.
Avslutta i 2022
Kontakt: Grete Skeie Sørhus, telefon 488 91 211
Sist oppdatert 28.06.2024