Prostatakreft er den vanlegaste kreftforma hjå menn i Noreg. Ved mistanke om prostatakreft tilvisast menn til utgreiing i pakkeforløp. Det blir då som regel tatt ein MR (magnetresonanstomografi) av prostata og utifrå funn på denne gjer ein vevsprøvetaking (biopsi) for å få bekrefta diagnosen.
Prostatabiopsiar kan tas systematisk (prøver frå forskjellige deler av prostata etter fastlagt mønster) eller målretta (fokusert mot område på MR som gir mistanke om prostatakreft).
Vidare kan biopsiane tas transrektalt (via endetarm) eller transperinealt (via mellomkjøttet). Ein av ulempene med transrektale biopsier er risiko for prosedyrerelatert infeksjon, i det biopsinålen kan trekke med seg tarmbakterier inn i prostata og omliggende vev.
Ved transperineal metode er risikoen for prosedyrerelatert infeksjon vist å være betydelig lågare.
Ved Haukeland universitetssykehus (HUS) har vi sida våren 2020 gått over frå transrektal metode til å kun utføre biopsitaking transperinealt. Prøvene tas nå også som hovudregel målretta.
Det har difor gjennom dei siste åra vore store endringar i korleis ein utføre prostatabiopsier ved HUS, frå transrektal til transperineal og fra systematisk til målretta biopsier.