Utanlandske tilsette
Helse Bergen skal vere på internasjonalt nivå innan forsking, innovasjon og utdanning. Vi ønskjer å tiltrekke oss dei beste fagfolka.
Rekruttering og tilsetjing av utanlandske statsborgarar til stillingar i Helse Bergen skal skje etter same retningsliner som for norske arbeidstakarar. I tillegg er det nokre særlege forhold det må takast omsyn til ved tilsetting av utanlandske arbeidstakarar:
- Gyldig opphalds- og arbeidsløyve der det er eit krav
- Norsk autorisasjon for helsepersonell der det er eit krav
- Politiattest der det er eit krav, for eksempel i arbeid med barn og psykisk utviklingshemma
- Dokumentasjon på nødvendig vaksinasjon
- Sikkerheitsklarering ved stillingar der det er eit krav
Ledige stillingar i Helse Bergen blir lyst ut:
Sjå ledige stillingar og søk jobb i Helse Bergen
For informasjon og søknad om arbeids- og opphaldsløyve:
Sist oppdatert 06.02.2023