HELSENORGE
LEGER I SPESIALISERING - LIS

Rusmedisin

Utdanning i spesialiteten Rus- og avhengigheitsmedisin.

​Beskriving av utdanningsverksemda

Avdeling for rusmedisin (AFR) i Helse Bergen hadde i 2018, 412 utskrivingar og 18.052 opphaldsdøgn i dei tilknytte døgnpostane. Det ble i 2018 gjennomført 101.597 polikliniske konsultasjonar der av desse var 38.324 utdeling av LAR-medikament. 2103 unike pasientar ble behandla i 2018.

AFR har 13 senger for akutt og planlagd avrusing, 12 senger for utgreiing og behandling av menn, 6 senger for utgreiing og behandling av kvinner, 3 senger for familieambulatoriet, 6 senger for tvungent tilbakehald etter HOL § 10.2 og 24 senger i terapeutisk samfunn for medikamentfri behandling av personar under 35 år. AFR har også to poliklinikkar; ein for LAR og ein for øvrig poliklinisk behandling inkludert ambulante tenester. AFR har også ansvaret for vurderingseining til rusmedisinsk behandling i Helse Bergen sitt ansvarsområde.

Per 1. mai 2019 har AFR tilsett 7 spesialistar i rusmedisin. Av desse er ein i permisjon til 01.09.19 og ein er tilsett i 30 prosent stilling. I tillegg har avdelinga tilsett ein spesialist i allmennmedisin i full stilling og tre spesialistar i psykiatri i til saman 200 prosent stilling. AFR har 11 LIS der to av stillingane er øyremerka til legar under spesialistutdanning i allmennmedisin. Per 1. mai har avdelinga to LIS og ein overlege som tar doktorgrad. Kvar av døgnseksjonane og poliklinikkane har minst ein spesialist i rusmedisin og er heller ikkje planlagt brukt som læringsarena. Det er per i dag ei 7-delt heimevaktsordning med utrykningsplikt for overlegane i AFR. LIS går i 10-delt vaktordning med tilstadevakt på Akuttposten, som formelt er organisert under Mottaksklinikken i Helse Bergen. Akuttposten har ansvar for akutt rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt.

Beskriving av utdanningsløpa

AFR legg opp til at utdanningsløp skal gjennomførast som skildra i tabellen i dokumentet under: 

Oversikt utdanningsløp rusmedisin (PDF)

LIS-legen vil då ha ein gradvis progresjon og læring, med fokus på basale kunnskapar dei fyrste åra og etter kvart meir spesialisert kunnskap. Gjennom heile løpet vil LIS delta i vaktordning som p.t. er 10-delt tilstadevakt på Akuttposten i Helse Bergen. Vaktordninga er lagt opp slik at kvar LIS-lege i løpet av 5 år skal ha 6 månadar der dei ikkje går i vakt, men kan fordjupe seg i klinisk jobbing på dagtid.

Ein vil tilstrebe at nye LIS-legar startar i ein avrusingspost før dei i det andre utdanningsåret har teneste i ein LAR-poliklinikk.

I det tredje utdanningsåret skal dei ha teneste i psykiatrisk klinikk for å nå dei psykiatri-spesifikke læringsmåla. I det 4 og 5 året skal LIS-legen ha teneste i generell TSB-poliklinikk og døgnpost, og dei kan i tillegg velje ein tenestestad innan for eit område av rusmedisin som dei har særskild interesse for.

Det vil og vere mogleg å tenestegjere i andre avdelingar i Helse Bergen i inntil eit halvt år i løpet av det siste året for å tileigne seg kunnskap, som er relevant for å nå læringsmåla i rusmedisin. Det er gjort avtale om hospitering med klinikk for psykisk helsevern for barn og unge der LIS-legen skal få kjennskap til utviklingsforstyrringar og ADHD i barnealder.

Introduksjon av nye LIS

Det er i AFR faste rotasjonstidspunkt to gonger i året: 1. mars og 1. september. I løpet av dei fyrste 3-4 vekene av tilsettingsperioden har LIS-legar i hovudsak opplæringsvakter på Akuttposten og den seksjonen i AFR dei skal jobbe i. I løpet av dei fyrste to vekene etter oppstart blir det i mars og september gjennomført ein introduksjonsdag med informasjon om avdelinga og introduksjon til fagfeltet rusmedisin. Alle LIS-legar får tilsendt arbeidsplan for dei fyrste 10 vekene før dei startar i avdelinga. Leiarane saman med seksjonsoverlege ved dei forskjellige døgnseksjonane og poliklinikkane har ansvaret for å gi nye LIS-legar opplæring og innføring i arbeidsoppgåvene på den enkelte arbeidsstaden.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Det er lagt inn i den enkelte LIS-lege sin arbeidsplan at dei skal ha ein heil dag (8 timar) kvar 14. dag til fagleg fordjupning. LIS-legen deltar i tverrfaglege møter på den enkelte post eller poliklinikk i tillegg til legemøter. Enkelte seksjonar har også lege-psykolog-møter der LIS-legar deltar. LIS-legar får invitasjon i elektronisk kalender til slike møte og det er venta at dei deltar så sant dei ikkje har fri før eller etter vakt. 

Kvar LIS-lege får innan 4 veker etter tilsetting​ tildelt ein rettleiar som er spesialist i rusmedisin. 40 veker i året skal LIS-legen få rettleiing. Det betyr at det skal vere rettleiing kvar veke utanom feriar og kurs. I sommarferien blir det gjennomført grupperettleiing der ansvaret for å gjennomføre rettleiinga blir fordelt mellom spesialistane i rusmedisin, avhengig av ferieplanen. Det blir i tillegg gjennom resten av året gjennomført grupperettleiing med spesifikke tema kvar 4. veke. I det daglege arbeidet får LIS supervisjon av spesialist i rusmedisin, psykiatri eller fagpersonell når det er relevant. 

Kliniske rettleiarar møtast 2 timar minst 4 gonger i året for å dele erfaringar og lære av kvarandre. 

Alle kliniske rettleiarar må gjennomføre godkjent kurs i klinisk rettleiing.

Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål skjer ved at LIS-lege i kompetanseportalen signerer for at læringsaktivitet er gjennomført og sender dette til supervisør eller rettleiar for godkjenning. Når alle læringsaktivitetane er fullførte, blir læringsmålet sendt til godkjenning av utdanningsansvarleg overlege. Per i dag er utdanningsansvarleg overlege i AFR også lineleiar for LIS-legane. Ved endring av dette vil utdanningsansvarleg overlege få delegert denne oppgåva.

Halvårsevaluering skal gå føre seg med kandidat, klinisk rettleiar og representant for utdanningsutvalet til stades. Målet for møtet er å sikre at planlagde læringsmål er nådd, og legge plan for neste halvår. Det skal vurderast behov for rotasjon til anna læringsarena (i AFR er dette det same som bytte av seksjon), eller om rotasjonen skal skal utsettast. Rettleiinga og supervisjon skal evaluerast av kandidat og klinisk rettleiar. Ein skal også evaluere læringsmiljøet generelt og foreslå ev. endringar.

Evalueringskollegiet møtast ein gong i året. Saker som blir tatt opp er der det er tvil om godkjenning av læringsmål. I tillegg går ein gjennom utdanningsløpet for alle kandidatar som har mindre enn 12 månadar igjen av venta utdanningsløp. Vanlegvis skal LIS-legen vere tilstades når eigen sak blir drøfta

Teoretisk undervising

Interundervisinga er organisert som eit felles ansvarsområde mellom Avdeling for rusmedisin og Bergensklinikken. Undervisinga føregår alternerande på begge utdanningsinstitusjonar. Undervisinga blir heldt av overlegar ved institusjonane, legar ved andre avdelingar på Haukeland universitetssjukehus (HUS), andre fagpersonar med særleg kompetanse innan enkeltfag. Kvar LIS-lege skal vere heilt eller delvis ansvarleg for minst eitt framlegg per år. Undervisninga består av 2 undervisingstimar i samanheng kvar veke i tillegg til 2-3 heile fagdagar per år. Vi har ein samarbeidsavtale med Divisjon psykisk helsevern der våre LIS-legar kan delta på internundervisinga til LIS-legane i psykiatri. Til saman vil dette utgjere ca. 100 timar per år. Lege som har fri før eller etter vakt på dag med undervising, vil likevel i løpet av året nå minst 70 undervisingstimar. Undervisingstema følger ein 3-årig plan med 6 faste overordna tema, eitt per halvår. Desse temaa er knytt til læringsmåla i spesialiseringa:

  1. Rusmiddelfarmakologi, nevrobiologi: Gjennomgang av dei enkelte rusmidla sine fysiske og psykiske effektar, avhengigheiten sin nevrobiologi, abstinens og intox. Medikamentell behandling.
  2. Psykiatri, samfunn og rus: Symptomlidingar, personlegdomsforstyrringar, utviklingsforstyrringar og kognitiv svikt. Diagnostikk og behandlingsprinsipp. Sosialmedisinske problemstillingar knytt til rusmiddelbruk, førebygging og behandling.
  3. Somatikk og rus: Tema organisert etter organ og fysiologiske prosessar som for eksempel hjerne, hjarte, nyre, hus, endokrine organ, infeksjonsmedisin, kreftmedisin.
  4. Kunnskapsgrunnlaget: Forsking, litteratursøk og anna kunnskapsinnhenting, undervising og anna kunnskapsformidling. Korleis lage skriftleg arbeid frå enkle prosedyrar til tidsskriftsartiklar.
  5. Samtalebasert terapi, lege-pasient relasjonen, tverrfagleg samarbeid, etikk: Dei vanlegaste samtalebaserte terapiformene, motiverende intervju og pasient/pårørandeopplæring. Etiske dilemma og prioriteringsrettleiaren. Legen som leiar og samarbeidspartnar.
  6. Lovverk, rammar, sosiale tiltak: Lovverk, forskriftar og organisatoriske rammar som gjeld vår spesialitet. Moglegheitene og avgrensingane som ligg i ulike sosiale tiltak for pasientar med rusproblem.

Presentasjonane frå kvar undervising skal vere tilgjengelege på Helse Bergen sitt intranett. ​​

Det skal leggast til rette for at LIS-legane skal kunne delta på tilrådde kurs som inngår i krava til spesialiteten. Det blir dekt permisjon med løn og utgifter til kurs i samsvar med tariffavtale. Desse kursa vil omfatte ca. 35 dagar over ein 5-års periode. Valfrie kurs kjem utanom dette.

Avdelinga legg opp ein tilrådd leseliste med lærebøker, viktige artiklar og videoførelesingar.

Felles kompetansemål (FKM)

FKM
​Læringsarena
​Læringsmål
​Ansvarleg
​Administrasjon og leiingskurs
4, 42, 43, 55, 59, 60, 70, 71, 72, 73​, 74​​RegUt Vest
​Grupperettleiing
​4, 13, 19, 21, 22, 32, 33, 34, 42, 43, 46, 47, 70, 71, 72, 73  
​Avdeling for rusmedisin og Bergensklinikken i samarbeid
​Forbetringsarbeid/-prosjekt
​4, 13, 32, 34, 42, 43, 46
​Avdeling for rusmedisin
​Internundervising
​4, 47
​Avdeling for rusmedisin og Bergensklinikkene i samarbeid
​Klinisk praksis
​Alle FKM
​Avdeling for rusmedisin​

Grupperettleiing blir gjennomført i samarbeid mellom Avdeling for rusmedisin og Bergensklinikken. Rettleiing blir gjennomført som 2 undervisingstimar 4 gonger per kalenderår. Alle LIS med fast stilling vil i løpet av utdanninga gjennomføre eit forbetringsarbeid med rapportskriving. For øvrig vil klinisk praksis under rettleiing bidra til å nå læringsmåla. Kva læringsmål som blir dekt av kva slags aktivitetar er nærmare skildra i tabellen over. Det vil også bli utvikla regionale kurs som dekker FKM innan Etikk, Forbetringsarbeid og Administrasjon og leiing.

Utdanningsutvalg og utdanningsansvarleg overlege

Kvar av institusjonane har eigne utdanningsutval og kvar sin utdanningsansvarlege overlege. I Avdeling for rusmedisin har utdanningsansvarleg overlege også personal- og lineansvar for LIS-legen. Utdanningsansvarleg overlege er i AFR dermed ein del av leiargruppa og har p.t. avsett 20 prosent stilling til oppgåva som leiar for LIS-legane og utdanningsansvarleg overlege. I tillegg organiserast internundervising, grupperettleiing og rettleiarsamlingar av eit felles utval «URAB» (utdanningsutval for rus- og avhengigheitsmedisin i Bergen). URAB kan også vere forum for diskusjon om felles standard for å oppnå læringsmål, vurdering av LIS-legekompetanse, og ev. andre oppgåver.

Forsking

Tilgjengelege ressursar

Avdeling for rusmedisin: Universitetsbiblioteket, Forskings- og utviklingsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, avdelingas interne PhD

Bergensklinikkene: KORUS, avdeling for kvalitet og utviklign, avdelingas interne PhD

Avdeling for rusmedisin sine seniorforskarar og PhD-stipendiatar vil brukast til å gjennomføre grupperettleiing for å gjennomgå læringsmål knytt til forsking. Grunnlaget for grupperettleiinga vil vere forskingsprosjekt i Avdeling for rusmedisin, slik at ein sikrar klinikknær opplæring. Avdelingas årlege forskingsdag vil vere ein del av denne opplæringa. På denne dagen legg avdelinga sine seniorforskarar og stipendiatar fram sine aktuelle forskingsprosjekt. LIS-legar i AFR vil også delta på kurs arrangert av Helse Bergen og Helse Vest. Desse er no under utarbeiding. Viser til punktet om FKM for utfyllande informasjon om gjennomføring av grupperettleiing.

Individuell utdanningsplan

Ved tilsetting vil det bli utarbeidd ein individuell utdanningsplan for LIS som viser kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kor i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen blir utarbeidd av LIS i samarbeid med rettleiar og ev. utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar og reviderast kvar 6. månad i etterkant av halvårsevaluering, i samband med rotasjon.

Simulering og ferdigheitstrening

Ferdigheitstrening er viktig for implementering av teoretisk kunnskap og vedlikehald av ferdigheiter. Dette kan gjerast på ulike nivå:

  • Haukeland universitetssjukehus har eit eige ferdigheitssenter med moglegheit for simulering. AFR kan nytte dette senteret til å lage eigne simuleringskurs.
  • AFR har videoutstyr for opptak av samtalar for rettleiing.
  • Ferdigheitstrening utan teknisk utstyr: «Mester-svenn» rettleiing, rollespel i gruppe eller individuelt bør inngå i den daglege kliniske verksemda.
  • Det blir og arrangert eigne kurs med innlagd ferdigheitstrening (for eksempel TERMA, MI)
Eksempel på tema som blir vurdert eigna for ferdigheitstrening:

  • Kontaktetablering og alliansebygging
  • Grensesetting og etiske dilemma
  • Sjølvmordsrisikovurdering
  • Valdsrisikovurdering
  • TERMA
  • Motiverande samtale
  • Intox og abstinensvurdering, herunder GCS, CIWA-Ar, COOWS
  • Hjarte-lungeredning

Tillitsvalde

Avdeling for rusmedisin har eigne avdelingstillitsvalde for YLF. Det blir gjennomført møte mellom tillitsvalde og leiing ein gong i kvartalet der arbeids- og utdanningsvilkår for LIS er tema. Tillitsvald for YLF er med i alle tilsettingsprosessar til LIS-stillingar.

Kontakt​

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med utdanningsansvarleg overlege på telefon  56 15 51 88 eller  94 14 66 23.

Fann du det du leita etter?